Har det rabla for meg no???

For eit par dagar sidan var fotballandslaget vårt nede i Paris og spelte landskamp mot Frankrike.
Korleis det gjekk ? Jau endå lengre enn ei høne kan sparke – me tapte 0 – 4 !


Google.

Trenaren vår hadde jo lovd at me skulle gå på bana og “eiga” kampen, og det gjorde me til gangs – i alle fall nederlaget.
Var det den franske raudvinsskodda som gjorde at me ikkje kom oss ut frå eigen 16 – meter, eller var det av rein høfligheit andsynes vertskapet at me krosspelte på eigen halvdel til franskmennene på tribunane peip oss ut ? Det likna mest på korleis Brann spelar på sine heimekampar.
Var me kort og godt ikkje gode nok, eller var det trenaren vår som ikkje var klar over at me spelte ein landskamp, for etter kampen uttalte han at dette var ein del av treninga. Det forklarar heile tapet. Det var Høgmo som trudde at landslaget hadde ei treningsøkt.
Det var visst mange som hadde fått i overkant mykje raudvin til lunchen den dagen!

4 kommentarer
    1. Oldemorbloggen: Eg likar fotball, men han må koma i TV-ruta, og eg kan ikkje seia at eg er hekta. Det beste med fotballen er nesten kommentarane før og etter kampane. Der fins mykje stoff for ironiske kommentarar.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg