Snapshots (som det heiter på nynorsk), frå i går…

Dagens fisketur enda med to dugelege torskar som vart middag for heile familien.

Dei smakte nett så godt som dei såg ut, kanskje det skuldast at dei kom i gryta ein av dei siste dagane i ein månad med bokstaven “r”. Som kjent er ikkje torsken på sitt beste månadane utan denne bokstaven.

Vel, det stogga ikkje der. I kveldinga fyrde svigersonen opp stampen og gubben vart invitert ut i vatnet.

Han trudde vel ikkje at han skulle lete seg lokka til ein slik aktivitet, men når badevatnet held 35 grader, og himmelen over er klår, er det ikkje vanskeleg å koma seg uti.
Om dette var årets dukkert i stampen veit eg ikkje, men ein god avslutning på dagen var det i alle fall…

8 kommentarer
    1. Etter ein stor fiskemiddag og ein spa-tur i stampen sov du nok godt i natt. Men no må du ta ein tur i vedskjulet for å sjå om det er nok ved til framtidige bad. Kanskje du alt må finne fram øksa og ta deg ein tur i vedaskogen? I alle fall: Ha ein fin dag!

    2. Pedro: Veit du ikkje det Pedro, her er unøye nok sitkagran for generasjonar sine stmpebad, sjølv om han er grådig på veden, vel ein sekk pr bad går det med for å få temperaturen opp i 35 grader. Nattesøvnen er det ikkje noko i vegen med. Ha ein fin kveld…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg