I mitt forrige innlegg frå Mirador (på Lanzarote) fekk de sjå korleis kunstnaren hadde bygd ein utsiktsplass inn i lavafjellet (der er berre lavafjell der nede).
I dag skal de få sjå at han faktisk bygde sin eigen heim i eit liknande geologisk miljø, altså inne i lavafjellet.
Ettersom kunstnaren no er borte (omkom i ei trafikkulukke på 90-talet) er delar av heimen hans no omgjort til kunstgalleri og museum.
Det er hans eigen kunst som tek mot oss ved inngangen.
Her har gubben plassert seg på den vesle delen av “huset” som er over bakken, og kva ser han på?
Jau ned til eit lite badebasseng.
Slik er det inne i labyrintheimen til Manrique.
…med mange smårom mellom gangane.
Her er fargane nøye avstemde. Legg merke til kor mykje som er kvitt (antakeleg kunstnaren sin farge).
Her er me på veg opp att frå det undejordiske.
Men fyrst litt meir kunst…
Her er litt av plantelivet i lavasanden.
Ei spesiell, men likevel vakker utsikt frå eit rom over bakkenivå..
Skulle ein ha behov for ei toilettvitjing på turen er skiltinga ikkje til å mistyda…
Eg avslutter denne turen med ein blom til mine bloggvener.
Ha ein god dag…
takk for en vakker tur ned i underverdenen,dette var litt av en plass.
Kvitt var ikke en dum farge inne i fjellet da blir det så lyst og trivelig :))
fruensvilje: Den hvite fargen står i alle fall i god kontrast til den gråbrune lavaen. Ja, stedet er meget spesielt både ute og inne. Ha en fin dag…
Takk for synet, dette var verkeleg kjekt å sjå. Akkurat slik som eg likar, her fekk eg lyst til å sjå sjøl.
Oldemorbloggen: Vital har hyggelege turar du kan ta ut på, og denne øya har litt av kvart å by på sjølv om ein ikkje vil vera strandturist…Ha ein fin dag…
Dette var ein heller spesiell bustad, men så var vel husbyggaren ein ganske spesiell kar også. Eg lurer på korleis det var med lys og varme. Var naturen så gjestmild at det ordna seg sjølv? Ha ei god natt (reknar med at du har aklimatisert deg att)!
Pedro: Eg trur at det med varmen ordna seg sjølv inne i vulkanoska, temperaturen skal vera nokso konstant der under jorda. Lyset kjem vel frå eit eller anna oljekraftverk på øya.