Marsmimring…

Eg trudde at mars kom til å verta ein roleg månad kor folk og samfunn var trøytt av vinter og lada opp til våronna – både ute og inne, i politikk og byråkrati osv.
Men nei, avisoverskriftene gav inspirasjon til eit lite samandrag også denne månaden.

I går (ikkje 1. april) kvakk eg til då eg hadde i meg morgonkaffien.
Då høyrde eg at vårt kjære mattilsyn hadde slege til mot den skamlause og ukontrollerte julefeiringa for dei 3000 som kvart år vert halde av friviljuge organisasjonar i tigerstaden.
For å få halda fram med denne tøyleslause åtferda med servering av ribbe og pinnekjøt lyt no eit par tusen friviljuge kursas opp til å verta godkjende servitørar, og all mat som vert servert må vera sporbar attende til søya eller svinet.
Jaja, seier eg – det er godt at nokon ser etter oss og leider vår vinglande gonge gjennom regelverket.


Google

Mars 2014.

No fekk høgresida ein traurig start,
dei snåva og mykje gjekk gale.
Hasjrøyking i høgre, og debatten tok fart,
Som nulltolerant parti vert det «bale».
Og han som ville sleppa hasjen laus
fekk på årsmøtet ståande applaus.

På kvinnedagen slo Erna til stort,
fekk tusenvis av kvinner i demotog,
for kvinneretten til framleis fri abort
snåva ho i uklårt tankeflog,
då ho meinte det var betre saker å fremja
enn mot ei KRF-styrt regjering å remja.

Helseministeren hevda så eplekjekk,
turnusplass er ingen menneskerett.
Men her slår logikken ein sprekk,
ser ikkje samanhengen rett og slett
Kvifor utdanna eit hopetal lekjarar då,
når dei ikkje sluttutdanning kan få.

Han Jens gjekk nøgd i årets kvinnetog,
dette hadde han gledd seg til i mange år.
No kunne han gjerne vera fri og fjåg,
no som han var i opposisjonens vår.
Det er kjekt å vera i opposisjon,
og ta del i ein og annan protestaksjon.

Så vil eg audmjukt gratulera han Jens,
med ein tung, prestisjefylt jobb
i verdas avsindige maktturbulens
kor forhandling lyt erstatta machomobb.
Måtte han lukkast, verda treng det.
Ikkje krig og naud, men fridom og fred.

No er me i gong med eit bankspleiselag.
DNB treng meir pengar i kassa.
til å finansiera sjefen sitt pengejag;
det gjeld å få fylt madrassa.
I år fekk Bjerke ein halv million,
som takk for sin lukrative renteaksjon.

Endeleg har mattilsynet vakna,
dei vil ha kontroll med jula til dei svake.
Nå kan dei truleg julevarmen sakne,
utan sporbar ribbe og julekake.
Ja, så lyt visst friviljuge på kurs,
for å verta godkjent servitørressurs.

Så lyt de vara dykk heime i stova,
og sikra «sporbarhet» og kompetanse.
Eller vil de framleis bryta lova,
og vitlaust rundt julagrana danse.
Han lyt også sporast grauten på låven,
elles vert det vel ein smekk frå «oven».

Av vinteren var me begge trøytt og lei,
etter eit halvår i uverets tegn.
Mot palmesusen bar det i vei,
rømlingar frå storstorm og regn.
Politikk og dårskap får vera i fred,
for i ferietida roar me ned.
31.03.2014.M-m.

7 kommentarer
    1. du kan få sagt det du,mye hyggeliger å få nyhetene servert fra deg for da les eg hi hi.Men jeg må bare riste på hode av noen av nyhetene da,særlig den fra matilsynet,er det virkelig mulig ,ja eg berre spør

    2. fruensvilje:Takk for veldig hyggelig tilbakemelding:) Ja, det er mye rart de forskjellige vesener kan finne på – av og til må en bare gi seg over av dumskapen. Men det er spennende å kunne gi
      påfunnene et litt humor-ironisk ansikt. Ha en fin dag videre.

    3. Oldemorbloggen: Kjekt å få slik positiv respons. Eg er av og til litt i tvil om stilen min, men sidan tilbakemeldingane er såpass positive at eg får prøve å halde fram. Ha ein god dag…

    4. Den Gud gir et embete, gir han også forstand, ble det sagt i gamle dager. Men nå tror jeg Vårherre har mistet kontrollen. Det er i alle fall mange sjefer som avslører at de mangle den forstanden de så sårt har bruk for. Jeg setter stor pris på dine månedsresymeer. Ha en rolig natt i godværet.

    5. Pedro: Eg lurer meir og meir på kva kriteria dei anset folk i leiarstillingar etter. Av og til ser det ut til at jaget etter løn og bonusar er ein grunnkvalifikasjon for leiarstillingar i dag. Nei Pedro, me kan visst vera glad for å vera der me er i dag. Appanasjen har me ærleg fortent. Ha ei roleg natt utan pengeteljing…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg