Til og med slegen av svensken…

 

15 km klassisk.

I dag vakna me i fyr og flamme
til heile nasjonens paradegrein.
15 km klassisk på programmet,
Vegen til pallen var kort og bein.

Me er jo best i klassiskdisiplinen,
slik har det vore i alle dager.
Frå kjellaren kom den beste vinen;
og snart våre idolar i løypene jagar.

Me hadde så vidt opna fyrste flaska,
då kom dei fyrste skremeskot.
For rundt i løypene gjekk dei og baska,
i snøen som var både treg og våt.

Med glepptak, tungpust og stive bein,
kom idolane våre omsider til mål.
Men alle som ein vart alt for sein.
Det vart ingen sigersskål.

Våre gudar gjorde det dei kunne,
men i dag vart overmakta for stor.
Utan utlendingar ville me ha vunne,
men i dag gjorde andre reint bord.

Slegen ned i skoa av søta bror.
det smaka oss ikkje særleg godt.
Ei ekstra flaske laut opp på vårt bord,
slik vart fornedringa overstått.
14.02.2014.M-m.

6 kommentarer
    1. Du gjer det betre enn skifolket; kjempefint dikt.
      Nei, ikkje sigersvin i slik ei stund; her må nok ein real karsk på bordet (og i den skulle det helst vore renat svensk sprit). Du skal sjå at Snåsamannen får rett likevel. 6 gull spådde han, og det kan vel halda hardt om vi greier det.
      Lev i vona, og ha ein grei kveld!

    2. pedro: Ja, eg byrjar å tru på Snåsamannen no. Han har nok kontaktar korkje eg eller sportsjournalistane har. Nei, det får verta ein karsk i dag. Skål for svenskane…

    3. Oldemorbloggen: Det skulle antakeleg eg også gjort. Men då hadde det kanskje mangla litt på inspirasjonen til skrivinga. Ha ei god dravlehelg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg