Dagens soloppgang ispedd litt sladder…

Januar 2014.

I år skal me feira grunnlova vår,
og då skal det verta festivitas.
Mykje gjevt folk på gjestelista står,
statsmenn og kongehus skal vera på plass.
Men svenskekongen ville halda seg borte.
Var han i beit for nystroken skjorte?

Nei, kungen hadde vel andre planer,
han er ein annsam gamal mann.
Rundt på nattklubb med fyrige damer,
og Sylvia sit heime og ventar på han.
Så no har ho antakeleg gått til streik.
Lei av gubben sin nattklubbleik?

Men så fann knugen reversen,
han kunne likevel feira med oss.
No lyt Sylvia fiksa buksepersen,
og rigga til gubben i kjole og floss.
Ja, så er me klar for feiring og fest,
utan nei frå ein einaste gjest.

No skal du få høyra siste nytt,
skal du plukka søppel lyt du ha kurs.
Dugnadsgjenger kjende seg snytt,
for dei var ein søppelplukkingsressurs.
Dei plukka skrot langs vegar og stier,
med kurskravet fekk dei magrare tider.

I senterpartiet er vindkasta store,
Ein ladejarl slest mot ei sognetaus.
Men no er kravet, alt skal på bordet,
ellers slepp dei hinmannen laus.
Med fleire store i same sekken,
høyrer du bråket, og venter på sprekken.

Reklame for sprit har vorte fy.
Det same gjeld for øl og vin.
Kva hender då i vår kreative by,
der ein utestad heiter Royal Gourmet..og Gin.
Her skulle eigaren pent skifta namn,
om skjenkepolitikken skulle koma i hamn.

Men kva så med alle dei andre
med alkoholhaldige firmanavn.
Lyt dei også firmanavna forandre
så reklameforbodet skal liggja i hamn?
Kva skal så Vinmonopolet heita?
No lyt byråkratiet ut og leita.

Eit OL i Oslo er visst mykje om å gjera,
to jubleveker for pampen og folket flest.
Men fyrst lyt OL-pampane få læra
at det er i Oslo champagnen smakar best.
Kva må så gjerast for å få det til?
Jau, ei smørjebu i Sotsji til tolv-fjorten «mill».

Til sist ei soga om ein ministerson
kjærast med ei heilnorsk jente.
Det skapte opprør i ein ortodoks nasjon
som fylgjer guds jødiske testamente.
Før ho vert godtkjend av denne nasjonen
lyt ho visst oppgje den kristne tradisjonen.
31.01.2014.M-m.

6 kommentarer
    1. Eg bøyer meg i støvet, som vanleg over dine fantastiske diktarevne. Eit dikt som får meg på lotten, er ikkje kvardagsmat. Men, anar eg ein liten mannsjåvnist her, kvifor er det Silvia som skal stå for buksepressen og skjortestrykinga? Det kan vel kungen gjera sjøl, som alle andre moderande mannfok.

    2. Oldemorbloggen: Nei, du veit at knugen har det så annsamt på andre kantar med å pressa andre koner, så då får kona hans heller pressa buksene hans. Så ei lita innrøming. Du er kanskje innom noko med å nemna manssjåvinismen. Det er kan hende ikkje alle me gamlingane som er heilt oppdatert på skjortestrykinga. Eg seier ikkje meir…Ha ein god dag.

    3. ” Soli ho sprett og ho glader”, og at det sprett og grør i diktarhagen skal vera visst. Kjekt å få det på rim. Dette var berre starten på året; ser med forventning mot dei komande tider.
      Ha nok ein flott dag i solskinet!

    4. pedro: Ja, i dag har me fint solskin, har allereie gjort unna gubbeturen og strafferunden (kjøpesenteret) så no kan me snart sjå kva som gøymer seg i skapet, det vert vel nok til ein tunn ein!
      God helg i stova…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg