Oppvakning…

Ikkje for å konkurrera med bloggvener om himmelmotiva, men i dag var himmelen svært så vakker då eg kom til sans og samling ved 8-tida.

Sjå berre innover mot byen kor me kan sjå “ulrikmasta” i bagrunnen. Himmelen talar for seg sjølv.


Så eit par bilete til frå verandadørgløtten. Bygningsmassen de ser på andre sida av fjorden er Laksevåg, om det har interesse for nokon. Himmelen er den same fine, og for ein gongs skuld utgjer høgspentmasta litt av dekorasjonen i biletet. Eg er elles ingen stor fan av desse mastene, men det kjenner de vel til

Eg har under planleggjing ein biletreportasje over sume av masteskogame BKK belemrar oss med og stadig byggjer ut. Huff, nei no gløymde eg mest den vakre morgonhimmelen.

Nyt dagen kjære bloggvener…

4 kommentarer
    1. du for noen vakre bilder du hadde i dag :))det er så en misser munn og mele hi hi.
      Ledninger og master liker ikke jeg heller,det er omtrent uråd å ta naturbilder uten å få slike innretninger med på bilda

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg