Svinsing og svansing…

I dag vil eg slå eit slag for dei stakkars politikarane me stadig ser i TV-ruta som alvorlege (mest menn) med oppdragande talar til folk og land. Men så vert TV-kameratet slege av og vips opp på ein moped og i full fart gjennom Paris til si elskarinne. Men alle kamera var ikkje avskrudde likevel, og verda fekk presentert syndebukken med hjelm og det heile.
Stakkars politikar, seier eg. Ikkje kan dei halda seg med ei ekstradame eller to utan at me skal blanda oss inn i det komplekse kjærleikslivet deira, som om det ikkje var nok alt det løgne dei finn på i politikken.
Det inspirerte i alle høve gubben til å rota ned nokre ord på papiret.

Google.

Svinsing og svansing.

Humor på rim er skumle greier,
lett å gløyma alt løye folk gjer og seier.
Men eg kan kanskje finna ei skrøne
om gubben som ottast ei flaksande høne.
Han som bråstengde kammersglaset
då kjerringa rigga ned laurdagsfeststaset.
Så lyt eg nemna den franske presidenten
frakta på moped av sikringsagenten,
gjennom Paris så fort han kunne trille,
til ei ventande elskovssjuk frille,
Sambuaren vart lei seg og fekk ikkje sove,
så ho vart innlagd på sjukestove.
Slik er visst livet i enkelte krinsar,
kor hønene flaksar og svansene svinsar.
Nei, no lyt eg vel verta meir seriøs,
elles vert vel slekta min nervøs.
Er gubben ikkje retteleg klok
som driv og rotar i presidenten?s brok.
Men politikken har visseleg fleire sider,
og sprengkåte statsmenn finns alle tider.

20.01.1014.M-m.

Ha ein god dag med eller utam moped.

6 kommentarer
    1. fruensvilje: Ja, det er viktig å få sett rova på katten…Ellers har eg litt vondt for å ta enkelte politikarar alvorleg når dei på den eine sida styrer vår kvardag med flotte talar og alvorlege andlet, men på den andre sida ser ut til ikkje heilt å vera i stand til å rydda i eige hus.

    2. Dette har vel noko med kultur å gjera. Ein vanleg muslim kan ha 3-4 koner samtidig, ein sheik kan kanskje ha 20-30. At ein franskmann har eit par på si er vel ikkje uvanleg. Men her i nord tykkjer me at ei er nok. Kvar mann si høne sa vestlandspolitikaren. Ha ein god dag med den eine!

    3. pedro: Haha, Me har vel vore borte i den franske kulturen begge. At franskmenn ser ulikt på frilleriet kan me tyda av meinigsmålingar som vert offentleggjorde i dag. Då har Hollande stige 4 – 5% på popularitetsstigen etter mopedturen. Kanskje me får kjøpa oss mopedar og returnera til Paris att Pedro. Ha ein god dag…

    4. Ha, ha, du er kjempegod på rim, som vanleg. Det er sikkert vanskeleg for folk i posisjon å stå i mot alle kvinnfolka som blir betatt av posisjonen, for det er vel det som lokkar, tenkjer eg. Hadde han vore noko langt mindre viktig, hadde ho vel ikkje ensa han.

    5. Oldemorbloggen: Antakeleg ikkje. Men du veit, dei har ein langt tettare tradisjon for sidesprang i Frankrike enn her hjå oss. Me greier oss truleg i “bingane” her også. Ha ein fin dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg