No er EU ute etter han…

SKILLINGSBOLLEN!

Her er han, representanten for det bergenske kaffebrødet, elska av dei fleste, men mislikt av nokre få.
Skillingsbollen er nok ingen “sunnhetsapostel”, men du så god han av og til er å ha til kaffikoppen om ettermiddagen.
Men no er EU på krigsstien. Der meiner dei å ha funne fårlege stoff i kanel som er ein heilt naudsynt ingrediens i skillingsbollen. Innteken i store mengder kan kanlen skada levra vår og då bør kanelen svartelistast.
Så no treng me ikkje lura på kor skrumplevrene våre kjem frå, skillingsbollen er syndebukken. Kor feil kan me ikkje ta, me som villfarne har trudd at dei innskrumpa levrene rundt oss kom frå heilt andre konsum.

Jaja, men så har visst Fedon funne ut at Kanelen har gode eigenskapar også. Det får han bringa til EU sitt analysetorg så snur dei nok om på bannlysinga. For Fedon veit kva han snakkar om, det veit vi alle.
Då vert det vel ikkje så fårleg lengre å ta seg ein skillinsbolle i ny og ne…

10 kommentarer
    1. bare tull og vrøvl mener no eg alle disse forskningane på mat som har vært brukt i 1000 av år.Nei da tror jeg heller dei må begynne å forske på alle dei hei og halv fabrikata som en bare kan varme i microen og spise,tror tillsettningstoffa i dei er langt farligere en kanelen ja :))
      Så vi fortsetter å nyte en deilig skillingsbolle og kanel på grøten 🙂

    2. fruensvilje: Heilt einig med deg, men det er vel antakeleg slik at byråkratane i EU må finna på noko og ta seg til, og då vert kanelen, agurken, gulrota og andre konsumvarer sysselsetjingskjelder.
      Nei, kanelen kan me nyta utan å tenkja på konsekvensene. Men det gjeld for den som for anna konsum, alt med måte…

    3. Siv Svanem: Ja, der ser du, men det hjelper å la EU engasjere seg. Dette har kanhende noe med bevisst feilfokusering og tåkelegging å gjøre. Venter nå at alkoholen friskmeldes helt…

    4. Eg leste akkurat no at raudvin måtte me drikka, for då blei me korkje håttalause eller gamle. Jo, gamle blei me, veldig gamle, men me blei unge i kropp og sinn, så no pøsar eg på med raudvin , for helso si skuld, både tidt og ofte. Kanel det dryssar eg rikeleg over laurdagsgrauten, heldigvis kan ikkje EU sjå inn kjøkenglaset mitt kor mykje kanel eg brukar.

    5. Oldemorbloggen: Eg fekk råd frå lekjaren min om å ta eit glas raudvin om kvelden, men der slit eg med allergi, då får ein whisky gjera same nytta. Utan kanel på laurdagsgrauten kan eg avlysa laurdagen. Ha ein god dag…

    6. Eg satsar på potetball (kumle), den kan vel ikkje EU forby. Reknar med at den ikkje står på menyen i Brussel.
      Under krigen fekk me svartsirup (melasse) på grauten, kanskje eg skal gå over til det att. Korkje menneske eller dyr var sjuke av den.
      Ha ein kulinarisk kveld i vest.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg