Vi nærmer oss…

ADVENT og JUL, stå på, og stress i vei!?!!??!!!???
Men, først novemberresymeet.

Noen som har hørt om disse i november?

November 2013.

Denne månaden er mørk og sur,
du anar Kong Vinters iskalde tenner.
Gubben og kjerringa tok ut på tur
til solfylte, varme strender.
Og livet her heime gjekk sin gong
med budsjettkameleting og mediasong.

Krf jubla etter budsjettdiskusjonen;
over alt dei fekk til på fire dagar.
Dei oppfylte visst heile ambisjonen
utan kamelsveljing eller andre plager.
Korleis fekk dei då til alt det?
Jau, det var i samarbeid med Frp.

Så er Obama atter i gong.
No har han telefonen din «på sjekk».
han høyrer dine planar og din klagesong.
Men det er vel takka for prisen han fekk.
Godt at våre vener passar på,
kvardagen vert visst tryggare då.

Obama skal ikkje ha skulda for alt,
no kom brått forsvaret på banen.
Overvaking tykkjer dei ikkje er galt,
dei vil ikkje stengja avlydingskranen.
Godt at me har datatilsynet
som kan gje generalane ein på trynet,

SV vil passa på alle og alt.
Dei vil innføra kjøtfri vekedag.
Me stakkarar kan så lett trø galt,
då er det best me vert styrt i lag.
Godt at nokon som kjenner vårt beste,
vil setja grensestolpar for det meste.

Så var gribbane på farten att.
Ein minister braut eit regelverk.
Nei, han hadde ikkje lurt unna skatt,
heller ikkje anna økonomisk herk.
Han hadde eit lite skur for vinterved
utan at han søkte om løyve til det.

Me har hatt meistrar i båt og kajakk,
for ikkje å snakka om skeiser og ski.
No har me jamvel fått ein i sjakk
ein meister i konsentrasjon og strategi.
Tolmodige framfor sjåarskåpet,
kom sigersgleda i staden for håpet.

Full fart inn i julestria.
Gåvekjør, pynting og kakebaking.
Det beste for meg på denne tida
er ljosfesten og julematsmaking.
Kva er det me stressar og kavar for ?
Det kjennest meir feil kvart einaste år.

Å kor eg ynskjer litt fred og ro,
ei tid eg kan kjenna på adventsfreden.
Om berre eg fekk ein time eller to,
Eg er ikkje kravfull, men heller beskjeden.
Kobla ut ståket og verda ikring,
la tankane føra adventsfreden inn.
30.11.2013.M-m.

8 kommentarer
    1. det politiske velger jeg bort :))og stresset føre jul er jeg ferdige med,julegavene er kjøpt og pakket,julekaker er i boks så i adventstiden skal jeg ta det med ro :))ha en fin dag

    2. Godt å sjå at du kom levande gjennom smalahovekalaset , og at ånda er frisk og produktiv. Eg gjev meg over for din produktivitet og gode ordval. Ha ein fin dag blesten i vest!

    3. Pedro: Takk skal du ha Pedro, men så lenge eg ser det løgne i alvoret er det ikkje lett å la pennen liggja. I år bryggjer det visst opp til enno eit smalahåvekalas. Denne gongen med ein felles kollega av oss. Så bles eg over ei sundagshelsing til dykk.

    4. fruensvilje: Oi, du har kommet langt. Vel vi er godt i gang vi også.
      Politikken kan ein la dei bala med dei som trur at dei har vit på det, men eg har litt moro av det som seiest og vert gjort frå den kanten. Difor kjem dette “skråblikket” kvar månad. Ha ein fin dag.

    5. Med all problematikken
      med politikken
      syns eg du. aldersstegne mann
      unna deg kan
      ei stille adventstund
      så tek du deg ein blund
      Et så ei julekake, som kåno har laga
      Tenk tilbake på gode, gamle daga’
      ikkje la stress øydeleggja dagen
      Det kan til slutt gå ut over magen.
      Helsing ei som vil deg vel :-))

    6. Oldemorbloggen: Takk – takk. Det var gode og velvalgte ord. Julekaker er bokstaveleg talt i boks, og nokre (ikkje mange) i magen min, men jeg er ikke helt inne i julekakebobla enda. Det kommer. Vonar at nissane no er på beina etter opningsfesten.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg