Bortkasta tid ?

Eg er vanlegvis ingen stor fan av TV-seriar, mest avdi det bind meg opp til fjernsynsruta til faste tider lengre periodar. Eg likar betre seriar kor enkeltepisodane har ein start og ei avslutning kvar gong.

Så kom krim-serien “Broen” i fjor. Den byrja eg å følgja, og eg tykte at den hadde noko i seg som vakte mi interesse, sjølv om det vart mange rollefigurar og intriger etterkvart. Serien enda likevel opp med ei løysing samstundes som avslutninga gav opning for nye seriar av same slaget.

Då den nye serien av Broen dukka opp i haust vart dette min TV-kveld 10 mandagar denne hausten, og serien held stort sett fram som i fjor med mange roller, mange intriger og eit litt pussig to-spann av etterforskarar. Det bygde seg opp ei spaning og forventing om kven og kvar forbrytaren og løysinga på gåta var.

Men, kom løysinga ? NEI! For meg slutta serien med fleire spørsmål enn då den starta. Det største spørsmålet eg laut stilla var til meg sjølv. Hadde eg verkjeleg brukt tida (10 episodar) på å ei krimhistorie som enda opp i ingenting ?

For meg framstår det i alle høve slik, og ein evt tredje episode av Broen vi i alle fall ha ein sjåar mindre.

Ha ein god dag!

6 kommentarer
    1. Dette var godt å høyra, eg har gått rundt og trudd at eg har gått glipp av noko stort sidan eg ikkje har følgd denne serien. Alle snakkar om denne Broen og om kor fantastisk den er.

    2. Der trur eg du ga uttrykk for kva mange av oss meinar. Eg har meir sansen for seriar av type Foyle, som no går i reprise. Eg har sett dei før, men har gløymd hendinga (alderdomsproblem), so det går bra. Ha ein fin dag i haustmørkret.

    3. Pedro: Ja, det er visse føremuner med å verta eldre. Ein gløymer lett og kan sjå dei same seriane gong etter gong utan å hugsa noko frå tidlegare sendingar. Forresten er Derrik ein favoritt for meg og mange. Ha ein roleg dag utan reprisar.

    4. Oldemorbloggen: Nei, tvert imot. Du har vore lur som har halde deg unna den serien, som i og for seg var sjåverdig. Men når slutten og løysinga manglar, då vert det for dumt. Eg kjenner meg lurt…

    5. Doxycycline Vet Canada Buy Sildenafil Citrate 100mg Online Cialis Brevetto [url=http://cialibuy.com]online cialis[/url] Viagra Ai Ragazzi Generico Finasteride Propecia Etoposide

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg