No får me gje oss, men fyrst…

…må eg plaga dykk med eit par matopplevelsar me hadde på turen.

Me køyrde ein tur heilt nord på øya til ein liten by som heiter Orzola. Der har dei gode fiskerestaurantar, og fisk likar me. Men der oppe heldt dei på med å renovera alle gatene så det meste var stengt. Så laut me dra sørover att, og stoppa då i ein liten by som heiter Arrieta og her fekk me det etterlengta fiskemåltidet. Som de ser er her unøye med mat for oss to og dei Canariske potetene høyrer sjølvsagt med.
Her skal vera to fiskeslag – kva dei heiter veit eg ikkje – men god var fisken.

Gubben tek for seg av godbitane. Eg er glad for at katten ikkje var med.

For my american relatives. This is the fish-restaurant I mentioned at Arrieta.

Så måtte me sjølsagt ha vårt obligatoriske Paella-måltid, her i gamlebyen i Puerto del Carmen.

Denne paellaen var noe av det beste me har smakt av denne retten. Vinen var heller ikke å forakte, sjølv om den er godt løynt i kjølaren.

Heilt til slutt, og reve ut or sin sammenheng, vil eg visa korleis ein tilfører vatning til alt som gror opp av jorda her i det tørre og vulkanske landsskapet.

6 kommentarer
    1. Paella er omtrent noko av det beste eg veit. Har ei veninne som er reine meisteren til å lage denne retten. Eg syns ikkje du må vera så egoistisk ang. katten din. Tenk kor glad den hadde vore over alle restane, han hadde sikkert likt seg i sydens land, han og.

    2. skal si dette såg godt ut:)selv har jeg ikke spist fisk i syden,har vært skeptisk da mine bekjentskaper snakker om magesjau og matforgiftning i disse landene,ja vi blir faktisk frarådet å spise fiskemåltider.Mulig vi har blitt mektig lurt da :))

    3. fruensvilje: Jeg har aldri hatt problemer etter et fiskemåltid i syden, og vi spiser mye fisk der nede. En bør vurdere litt hvordan stedet ser ut, og prøver å vurdere om fisken kan være fersk, og det er den som regel ute ved kysten. Ha en fin dag.

    4. Oldemorbloggen: Haha, nei katten får nok sin fiskekvote og vel so da, spesielt om sumaren i Øygarden. No søv ho for det meste borte ved den oppvarma dørlista..
      Paella er eit “must” for oss når me er sørover.
      Ha ei god helg.

    5. Skal vi vri litt på ordtaket? Hjemme bra, men borte best. Etter din presentasjon kan det nesten se slik ut, men du har det nok ganske bra hjemme også. Takk for fotoglimt fra den store verden, og ha en fin dag i godværet.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg