Livet lever..

På siste bloggen viste eg eit våryrt gåsepar, men dei var visst litt seint ute for i går kom det symjande to par med ungar rett utafor vindauget vårt.

Her er dei og viser seg fram.

I dag hadde eg ein tur i skogen og kva fann eg då ? Jau det dukka opp frå myra eit vesen som eg laut foreviga.

Kan det vera ein som har forvilla seg frå eventyrskogen på Stord ? Han ser i alle høve pjuskut og trøytt ut, og kan godt ha teke turen opp hit.
Eg får vel stella han godt før eg sender han sørover att.

Ha ein god dag.

8 kommentarer

Siste innlegg