Sledetur på asfalt…

Går det virkelig an ? Jo, det gjør faktisk det om veien er tilstrekkelig bratt og du er i Funchal på Madeira. Jeg kan også love deg at det går unna nedover på asfalten med to stråhattbekledte styremenn bak på doningen.
Under vårt opphold på Madeira kunne vi etter litt nøling og beven sette oss i kjelken og la det stå til. Etter den selsomme opplevelsen, som forøvrig kan anbefales om noen er på disse kanter, måtte jeg skrive ned erfaringen, og her kommer resultatet.

Kanefart på asfalt.

På Madeira driv dei ein underleg sport.
Sledetur nedetter stupbratte smaug.
På asfalt, kan du tru at det går fort.
På nedturen trur du; snart er eg daud.

Eg utfordra modig frua på tur.
Ho sa plent nei, men eg såg at ho tvila.
Så kom ein sledeførar mørk og lur,
han lokka, lura, prata og smila.

Småredde entra me doningen hans,
og turen ned lia kom fort i gong.
No var me ute på asfaltslededans
farten den auka og meiene song.

Som merra den blinde nedetter bakken.
Ei stund rett fram, så på tvers.
Begge heldt me i sledekrakken,
og tenkte; no syng me på siste vers.

To karar sto bakpå sleden og køyrde.
Det peip rundt øyro, det skaka og rista.
Me lo og skreik, vart milevis høyrde.
Ei skrekkblanda fryd i sledekista.

Brått var det over, doningen stogga,
og me sat der oppspilt av adrenalin.
Glad steig me ut or vår styrlause vogga,
samstemde om at turen var fin.
23.04.2013.M-m.

Disse to nådde vi igjen på den ville ferden nedover.
Ha en fin dag.


9 kommentarer

Siste innlegg