Februar 2013…

Når no februar ebber ut og vi ser fram til en gryende vår i mars kan det være på sin plass å vende skråblikket mot noen av hendelsene i februar som har satt farge på hverdagen min både til frustrajon, glede og undring.

Google

Et av temaene er åpningen av festspillene i Bergen som tradisjonelt har blitt åpnet av kongen vår. Nå er han visst lei av å måtte synge “Nystemten” ved hver åpningsseremoni, og mitt forslag som erstatning må da bli en klovneopptreden av godgutten Ari.
Jaja, her er noen av sakene i februar.

Februar 2013.

Tek du eit bilete av ungen din
som du vil at alle skal sjå.
Då må han vera strigla og fin,
Med englevengjer og utan ein tråd.
Så må han spreiast på internettet
til åtgaum for alle på lesebrettet.

Kvar vart det av firedagars veka,
ein gamal raudgrøn visjon?
For no har han Jens teke til å tveka
om dette var rett politisk misjon.
Livslangt arbeid er dagens mantra,
og vips, har 4-dagars veka kantra.

Ein bondepolitikar er ute på banen
med ein kostesam og genial ide.
Høyr berre på den glupe planen,
eg veit ikkje om eg skal grina eller le.
Han forkynner skinande som ei sol,
«Flytt taxfreesalet til vårt vinmonopol».

Men kva har det til konsekvens.
Jau, polet får større overskot,
og meir pengar går i lomma til Jens.
Frå Avinor høyres jammer og gråt.
Dei lyt ta inn tapet rett og slett.
Kven betalar? Jau du, med dyrare flybillett.

Det stundar mot festspel i byen vår att
vanlegvis opna av sjølvaste kongen.
Byens notabilitetar i festskrud og hatt
syngjande på den gamle Ulriksongen.
Men kva no, når kongen ikkje kjem?
Ja, då lyt dei visst spørja Ari Behn.

Høgre vil ha bort formueskatten.
No er det valkamp, tjo og hei!
Dei raudgrøne fresar som gamlekatten,
når rivalane kjem i hans leid.
Dei rikaste må?kje få skattelette.
Den bågule sida må skjøna dette.

Så skal det visst søkjast om OL att,
om osloleikar denne gongen.
Tromsø freista, men snåva og datt,
dei fann ikkje tonen til pampesongen.
Nei, Oslo veit råd i pengejakta.
Provinsen betalar, gjøkalven vert slakta.
28.02.2013.M-m.

Lykke til med mars!

6 kommentarer
    1. Ein kort månad, men mengder av hendingar, som du meistarleg har fått ned på papiret. Jens tenner nok på taxfree-spriten til staten. Slekta hans har tradisjonar i denne næringa. Det er no dokumentert av NRK. Hald fram som du stemner inn i neste månad!

    2. synsvinkler: Du vet, vi kan ikke ta alle utspill og krumspring alvorlig, jeg har mer sansen for å streke under dumskapen og tankeløsheten med humor og ironi. Ha en god dag.

    3. pedro: Kjenner eg politikarar og synsarar rett kan det lett verta inspirasjon til kommantarar neste månad også. Kanskje eg skal vitja silverkonungen att. Mer får fylgja med på ordskiftet mellom han og Nortugen. God helg.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg