Hva skjedde…?


Google.
På årets siste dag er det visst nødvendig å lage en liten oversikt over året som ebber ut. Min gjøren og laden føler jeg ikke er så viktig for meg å rekapitulere. Imidlertid har jeg valgt å plukke ut enkeltepisoder av mine månedlige betraktninger, mest for å minne meg selv på at året har bydd på sine utfordxringer og gleder.
Jeg vil også få benytte anledningen til å takke mine følgere for mange gode kommentarer samtidig som jeg ønsker dere et godt nytt år.

Årskavalkade 2012.

Januar.
Jule ? og ? nyttårsståket er over,
fleire kilo er lagt til vekta.
Etter å ha tømt alle bordets gåver,
vert det lågkarbo på heile slekta.
Straks skin februarmånen gul.
Det er berre 11 månader til neste jul.

Februar.
Så har ein politikar greidd det att,
å voldta ei gjente ei årsmøtenatt.
Sprengkåte gubbar i laddevinsrus,
Vara dykk for slike i politiske hus.
Kåtekallar lyt ut av politikken,
til dei skyr unna trusestrikken.

Mars.
Så bura dei endeleg Mullahen inn,
eit krav frå mange med oppøste sinn.
Han livstruga menig og minister,
med dødsstraff frå radikale islamistar.
Hans skræmsle er at sharialover
skal inn og verka i norske  stover.

April.
Kommentarpause.

Mai.
Så har me ei motekåt kronprinsesse.
Ho likar å ta seg ut i vår presse.
Norsk design i USA skulle visast fram.
I fronten for dette vår royale madam.
Då vart det italiensk som gjorde susen;
ein kjole til over hundretusen!

Juni.
Endeleg kunne ei vever dame oss vitje,
me venta på henne i tjue år.
Men ho laut lenge i husarrest sitje,
ho kjem frå eit land der millitærmakta rår.
Men no er det rom for meir demokrati,
og folket lit på Aung San Suu Kyi.

Juli.
Men ein ting opptek dei no i slåtten,
eit lite, merkjeleg, men fårleg dyr.
Dei fyller sidene sine med flåtten,
og dramasoger om den dei spyr.
Me må skremast, skal me ha det godt.
I fjor var det sneglar, i år er det flått.

August.
Så har Rimi-Hagen shoppa,
han har kjøpt seg supa og saus.
Rieber i seng med dei rike har hoppa,
han tykte at Hagen var ofseleg raus.
Og du kjøper supa i sekker og poser,
gumlande nøgd på Hagens «grandioser».

September.
Så vart det  uro i ulveflokken,
fleire ministrar laut skifte stolar.
Ei laut dra med hatten og stokken,
ei anna fann fram ministerkjolar.
Og om Jonas ikkje verda kan frelse,
då får han heller styra vår helse.

Oktober.
No har dei lagt ut fjorårsskatten
så då kan du snoka på grannen din.
Har han lurt unna båten og katten
og kvar tok han pengar til nybilen sin?
Bra at du er ærlegdomen sjølv
som korkje har lurt unna gull eller sølv.

November.
No har visst LO-sjefen for lite løn,
Ein ekstrajobb laut lagast for han.
Ministeren svara straks på hans bøn,
med jobb som styrevaramann.
Om han møter på jobb er ikkje nøye,
men pengar i posen er grueleg løye.

Desember 2012.
Ministeren kom på steikjepanna,
jobbhjelp til venenett var saka.
Ikkje å venta noko anna,
andre ville og ha ein bit av kaka 
Men Giske takla motstanden lett,
med sitt ekvilibristiske talesett.
31.12.2012.M-m.

10 kommentarer
    1. Jepp jepp 🙂 der satt den atter en gang 🙂
      Ønsker deg en fin feiring i kveld, kalkunen er i ovnen hos svigerinna mi, og gubben står som saus kokk… Det var denne trivsels vekta igjen da…. knurr….

    2. Mykje av dette burde hamna på bordet til Jens. Men det vert nok filtrert av Rikskjendis Karl Eirik Schjøtt-Pedersen. Då er det godt at du har din trugne flokk som tek mot dine vise ord. Hald fram som før; me hungrar etter dine samandrag. Takk for det gamle og vel møtt i det nye!

    3. Pedro: Ja, presidetntspiren filtrerer nok bort det meste, kanskje til og med han Jens til hausten. Me får sjå om det ikkje vert meir inspirasjon frå lausmunna politikarar dette året også, då kan det fort verta nokre strofer.
      Takk for det gamle og godt nyttår til deg og dine.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg