Er bolledeigen klar…?

Ettersom eg jamnast vaknar tidleg, har eg på lokalradioen medan eg ligg og halvsøv til musikk og meldingar.
Men i dag bråvakna eg då den eine programleiaren melde at dette var siste frist til å få bollar i ovnen dersom ein ville ha barnehageplass innan rimeleg tid. For born som er fødde etter 1. august lyt venta eit heilt år  på ein slik plass.
Eg slo av radoen med ein gong, for dette måtte ikkje kjerringa få høyre, for då kunne det verta ein heller travel føremiddag. Men då eg, etter å ha tenkt meg om, fann ut at me ikkje er i målgruppa lenger, kom radioen på att, og eg kunne halda fram morgondøsen min i tryggleik om at dette vart ein roleg morgon likevel.

No har det altså vorte slik at sjølve forplantningsprosessen har vorte byråkratisert. Medan det tidlegare var slik at ein kunne planleggje familieauken i fred og ro har no Løvehola fastsett at skal du ha ungar, er det best å få dei rett før 1. august. Som tidlegare nevnt er det søknadsfrister for barnehageplass som vert førande for kva tid bolledeigen lyt i ovnen, og siste frist er i fylgje lokalradioen vår den 6. desember..
Eg som trudde at full barnehagedekning tydde nett det – full barnehagedekning. I mitt enkle hovud er det då slik at det skulle vera nett det same kva tid på året ungen min vart fødd, barnehageplassen skulle vera sikra.
Kor er vi då no? Jau samfunnet styrer oss gjennom heile livet, frå unnfanging til grav i beste sosialdemokratiske ånd.
Eg får likevel seie som salige ordførar Harry Hansen i Bergen sa det då Trondheim på 60-talet truga med å gå forbi Bergen i folketal, og gå opp på andreplassen av byane i Noreg. :
“Legg dokker sammen og gjørr nåkke for byen vår”!

6 kommentarer
    1. har hørt om dette her ja og må si jeg er glad jeg ikke lenger er i målgruppen,det er bare trist synes eg hvordan utviklingen har utviklet seg på enkelte felt

    2. fruensvilje:Jeg synes vi styres vel mye nå. Fra ungene er ca ett år til de er myndige er de stort sett under offentlig kontroll. Skal vi nå oppleve at fødselstidspunktet også skal bli styrt av byråkrati, da har vi definitivt gått for langt. En kan gjerne si at foreldrene ennå har valgfrihet når de vil ha sine barn. Er det egentlig slik når fødselstidspunktet kan ha store praktiske og økonomiske konsekvenser for den enkelte familie?

    3. Du ser for snevert på saken. Dersom du hadde ditt tilhold nord for moralsirkelen ville du hatt et bredere fokus (hvis fokus kan være bred) på saken. Jeg refererer til historien fra Nordland fylkeskommune hvor en av representantene har hatt intimkontakt med samtlige kvinnelige representanter. Jeg sier ikke mer, men du må ha en fin handballaften!

    4. Pedro: Men da Pedro tror jeg at du har glemt en detalj, nemlig den at det er forskjell på de styrende og de som styres Ha en ettertenksom kveld.. De styrende kan smake på alle retter som settes på bordet, men vi andre må nøye oss med lørdagsgrauten, men den er velsmakende den også.

    5. Oldemorbloggen: Kjekt at bloggen min vert likt.. Eg blandar ofte skjemt og alvor, men prøver å væra i nærleiken av den “raude streken”. Så lenge eg finn inspirasjon vil eg nok halda fram – litt på nynorsk og litt på bokmål. Ha ein hyggjeleg kveld.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg