Tid for oppsummering…

Av og til lurer eg på om eg skal slutta med desse samandraga, kanskje gjer eg det også. Men denne månaden har eit par tre kloke hovud kome i sentrum av nyheitene – friviljug eller ufriviljug.
Fyrst er det finansministreren som i hedemarkske ordelag har lagt fram budsjettet.

Så har me regjeringas triksar og fiksar, førebels landar han på beina. Det er ikkje så greitt å ha så mange vener som er arbeidslause og som lyt skaffast ein jobb. Kven eg tenkjer på ?
Her er han.

Oktober 2012.

Så er haustkommersen i gong,
det er lagt fram eit statsbudsjett.
Opposisjonens årlege klagesong;
det verste budsjettet dei har sett.
For mykje til ditt, for lite til datt,
og ministeren smiler under sin hatt.

Neste år er det stortingsval,
No gjeld det å kapra veljarstemmer.
Å leggja godbetane ut på sal,
og unngå store politiske blemmer.
Men me har vore ute ei vinternatt før,
og kjenner skilnad på bart og snørr.

Så er det tilsett ein ny direktør
ein ven av vår næringsminister.
Det skulle gå som kni v i smør
utan innblanding frå journalister.
Men kva er det som hender,
Jau, ministeren «toar» no sine hender.

Ikkje veit han kva som har hendt,
og kvifor løna har vorte så høg.
Medan ålmugen ventar spent,
høyrest berre bortsnakk og søg
Jau, guteklubben grei ordnar opp,
og venelønene ligg framleis på topp.

Vart du lurt over på pelletsfyr,
til glede for miljøet og deg sjølv.
Det har visst no vorte eit eventyr
som gjev miljøet skade,  ikkje sølv.
No er orda frå dei mørke og kloke;
Pelletskjøret var ei retteleg såpekoke.

Men, ettersom brukarar seier,
og det er retteleg mange av dei;
Pelletsfyring er flotte greier,
datastyrt og reint, den saka er grei.
Men, kva om nå den varmen vert dyr,
så godtfolk lyt attende til bjørkekubbefyr?

No har dei lagt ut fjorårsskatten
så då kan du snoka på grannen din.
Har han lurt unna båten og katten
og kvar tok han pengar til nybilen sin?
Bra at du er ærlegdomen sjølv
som korkje har lurt unna gull eller sølv.

Ja, så må ein hugsa å stilla klokka,
Det går mot mørkre og vintertid
Fram eller attende, eg spurde i blokka
Men ingen veit der kvar dagen lid.
For alle er me gamle og håttelause.
Frå klokka har hovudet teke pause.

Så fekk me den fyrste snøen og;
med sumardekka framleis på bilen.
Der sto me i fyrste bakken og hogg.
Den norske vinterbilstilen.
Og grannen vår  sto der og flira og lo
medan du i bakken svergande sto.
31.10.2012.M-m.

9 kommentarer
    1. Jau, du gjev som vanleg eit godt tidsbilete; takk for det. Essensen blir atter ein gong: Money Makes the World Go Round. Men i Junaiten kjem vel pengane I andre rekke just no; dei har nok av andre ting å baske med. Ha ein fin onsdag!

    2. Pedro: Her kjem nokre himmelske bøtter over oss her i dag, eg er spent på måleresultata til ho Eli Kari på Storm.no.
      Forresten vil eg justera litt på “ordtaket” ditt. Eg kunne tenkja meg å seia noko som.: “Giske makes the money go round”,, eller noko i den duren.
      Jaja, stakkars amerikanarar, seier eg berre.

    3. synsvinkler: Takkk skal du ha. Det er jo mange “morsomheter” som presteres ute i det offisielle Norge. Men det er viktig at alvoret er med i skråblikkene. Ha en fin dag. Forøvrig høljer regnet ned her vestpå.

    4. Hehe, ja disse politikerne er noen artige “troll”. Personlig har troen på våre folkevalgte avtatt noe med årene, men men, det går seg vel til 🙂
      Ha en fin dag videre du også. Her på Sørlandet (Gjerstad) er det snø som gjelder i disse dager. Hehe, bare 2-3 cm altså, men dog 🙂 Nok til at jeg også fikk samme overraskelse angående “sko” på bilen som du nevner i siste værs. Men nå er de på !

    5. synsvinkler: Ja, de har stort sett de samme drivkreftende som oss, men de har påtatt seg ansvar som burde påtvinge dem stor varsomhet i sin forvaltning av makten. På det punktet synes jeg at vi kan stille spm ved noen av dem. Jaja, som du seier, det går seg kanskje til!?!

    6. Jakob: Haha, takk skal du ha, men jeg må ofte fundere over alt det rare som kommer ut av munnen på såkalte autoriteter. Det gir inspirasjon til litt “poesi”. Ha en fin kveld.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg