Den fyrste snøen i fjellet…

Eg meiner å ha høyrt ein gong at når den fyrste snøen kjem i fjellet då er krabben på sitt beste. Om dette er fantasi eller det dårlege hugset til ein gamal mann veit eg ikkje, men det er ein realitet at hokrabben fylles med rogn om hausten, og krabben stort sett er best på den tida.

No ligg det altså snø på Ulriken, og


rett utafor stovedøra utan at eg kan skryta av skiføre i dag.

Og denne krabben som me hadde krabbelag på hin kvelden var full av mat til glede for 6 gjester.
Med kvitvin i tillegg vart det ein flott kveld utan at nokon “krabba” frå bordet av den grunn.

6 kommentarer
    1. Eit gamalt ord seier: “Godt byrja er halvvegs fullendt”. Får håpa det er slik med vinteren og..Nei, ein skulle vore bjørn om vinteren og lærar om sumaren.
      Kos dykk i omnskroken!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg