Snokelistene…


Lånt fra Google.

Snokefesten.

Er du i gong med snokefesten ?
Skattelistene ligg ute på nett.
Til glede for mange, for andre pesten,
snokinga seiest å vera for lett.

Fyrst sjekka eg stoda til grannen;
han flottar seg med stashus og bilar.
Men stakkar, han står i null den mannen,
og nedover peikar alle hans pilar.

Ja, så var det jyplingen Jens bort?i lia,
han med den smellfeite BMW-en.
Fraktar på ungpia heile ti?a,
og kveldsstøtt heng han bort?på kafeen.

Han tener visst pengar som gras,
skattelista syner over millionen.
Ikkje rart han omgjev seg med stas,
han kan nok takka oljenasjonen.

Så var det Mette med rosa blogg.
Med velfylte lepper og neglar av plast.
Bloggpengar renn inn utan stogg,
så her kan livet gå kast i kast.

Skal eg våga å sjekka meg sjølv ?
Eg kjenner meg som ei fatiglus.
Kvar er alt mitt gull og sølv,
Det er plassert i «Det norske hus».

Skattelista syner ei anna soge.
Der er eg brått ein halden mann
kor pengane inn i banken har floge,
og no er der visst i «bøtter og spann».

Nei, no får eg slutta med snokinga mi.
Kvifor bry seg med andre sine penger.
Men spaninga er kva lommeboka di
syner når du henne vrenger.
21.10.2012.M-m.

4 kommentarer
    1. Hugs A.O. Vinjes ord: «Pengar er storkna mannesveitte».
      Så lenge listene er åpne kan me sjå kven som har sveitta mest i året som gjekk.
      Ha ei god og sveittefri natt!

    2. Pedro: Etter det eg skjøner er det eit under at enkelte av kjendisaneog finansakrobatane våre ikkje har frose i hel. Sjølv lyt eg bryka varmeteppe og lange undikkar! Ha ein god dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg