Bispevisitvas

No har Biskop Nordhaug endeleg fått vist si bispale makt ved å nekta ein hundreårig tradisjon ute i distrikta, nemleg ved å nekta prestar å utføra begravelsessermoniar rundt i bedehusa. Bedehusa er vigsla og burde då vera fullverdige gudshus, men det gjeld kanskje å visa at ein er ein dugande og mektig leiar. Så får det vera som det kan med etikken og kjenslene til folket han er sett til å vera åndeleg leiar for.
Han er redd for at desse lausslepte gravferdssermoniane skal gå ut over verdigheita. For meg står dette berre som maktmisbruk i Herrens namn.  Han burde vel heller då sjå litt på brurevigslene som i dag går føre seg på alle tenkjelege og utenkjelege stader. T.d. i polhavet , på fjelltoppar og andre eksotiske stader.
For meg er slike beslutningar berre eigna til endå større forakt for den gudstrua mange prelatar står for, og det gjer meg sterkt tvilande til å la eigen avskilssermoni få gå føre seg i kyrkja.

Eg vil vona at Bispen snur, ellers vil eg bruka ei omskriving av eit kjend bibelord.
“Fader forlat han, Han veit ikkje kva han gjer!”

Bispevisitvas.

No bryggjer det opp til strid her vest.
Ein bisp vil syna sitt store mynde.
Rettar guds harme mot lekmann og prest.
Gud nåde den som mot harmen vil synde.

Og saka hans er grei og banal.
Ei gravferd skal haldast på kyrkjeleg grunn,
og ikkje i ein skarve bedehussal.
Der får ein inga heilag og verdig stund.

Men bedehuset er ein vigsla stad.
Ein gamal bygdeleg institusjon,
kor bygdefolk samlast, song og bad,
og fann sin åndelege restitusjon.

Nei, her må bispen ta til vetet,
og spara på si kyrkjelege makt.
Han må trekkja dette bispale dekretet
som berre gjev kyrkjeleg harme og forakt.
24.04.2012.M-m.

 

 

 

6 kommentarer
    1. Sirdalsrypa:Det er sannelig ikke rart at det er glissent på kirkebenkene. Bedehustradisjonene på sør – og – vestlandet er ikke å kimse av. Vi kan mene det vi vil om dem, men her oversees eklatant bygdefolkets, og av og til avdødes høyeste ønsker, og da må det være mulig å tenke seg om, selv for en biskop.

    2. Dette minner vel litt om tilstanden i landet for eit par hundre år sidan då bisp og prest hadde monopol på guds ord. Men etter at konventikkelplakaten vart fjerna trudde eg at kyrkja stod for eit meir romsleg syn. No, når ein vil skilje stat og kyrkje, trudde eg at kyrkja ville ta vare på sine medlemer, og ikkje legge opp til konfrontasjon. Talet på medlemmer i den norske kyrkja kan bli svært viktig i framtida.
      Hugs kveldsbøna, og ha ei god natt.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg