Redigitalisert…

Etter ei vårleg øygardshelg med jobbing i hage og med båt er eg no attende i den digitaliserte verda.
Som de skjøner var det vakkert vårver og eg laut ta eit bilete om kvelden då sola sa takk for seg bak haugar og sitkagran.

Ei naturoppleving eg ikkje fekk festa i kameraet var ein oter som kom ruslande gjennom hagen vår. Han auka nok tempoet då han oppdaga meg på terrassen, og då vart det ikkje tid til å henta kameraet. Eg skal prøva å halda høgare kameraberedsskap seinare slik at eg kan få dyret inn i kameraet om det sdkulle dukka opp att.

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg