Skråblikk på januar 2012…

Ja, så er vi igang igjen. Med hva ? Jo, med nedslankingen etter jula. Vi rekker kanskje et par kilo før neste jul setter inn!

Januar 2012.

Jule ? og ? nyttårsståket er over,
fleire kilo er lagt til vekta.
Etter å ha tømt alle bordets gåver,
vert det lågkarbo på heile slekta.
Straks skin februarmånen gul.
Det er berre 11 månader til neste jul.


Spellemannsprisen er delt ut no,
Han vart skjemd av ein vitsegjøk.
Når Plumbo oppe på scena sto,
og avreiv ein heller dårleg spøk.
Aviser og media gjekk amok;
Plumbo vart sett  i ein skammekrok.

Så var han Giske ute med kjeften
dansken sku?ikkje få kjøpa opp TV-2.
Mangla han heilt den politiske teften,
då freistnaden hans ramla rett i do.
Han nytta nachspiel og SMS
i utøvinga av sitt politiske press.

Sume slit med truverdet sitt.
Ein politisjef laut gå med sorg og tåre.
Ho let ordet sitt flyta for fritt,
og avdekte løyndomane våre.
Det enda med at ho laut gå
om etatens truverde skulle bestå.

Gubben i huset har bytt ut to tenner,
dei er erstatta med flott porselen.
No glisar han breitt til slekt og venner
og tykkjer sjølv han er vorten pen.
Eit gode for ein som er gamal og grå;
Reservedelar er enno å få.
20.01.2012.M-m.

 

16 kommentarer

Siste innlegg