Jens og Dagmar…


Fra Google.

 

Trur han at me vestlendingar er dumme???

For eit på år sidan kom det ein lett forvirra partisekretær hit til Vestlandet og fortalde at no skulle partiet hans satsa meir på denne regionen. Her skulle verta meir pengar til vegar og nærast ubegrensa tilgong på straum.
Den siste lovnaden heldt han i alle fall. Han var ikkje før landa i Oslo før me fekk melding om at det skulle byggjast gigantiske straumliner både i Hardanger og nordover på kysten. Behovet for den store skjemmande utbygginga i Hardanger var det få som forsto seg på, og det synte seg då seinare at det var andre interesser enn vestlendingane sine som var grunnlaget for utbyggingstrongen, nemleg straumeksport og kraft til oljeverksemda. Der ute i Nordsjøen forureinar visst gassbrenning meir enn om me brenn den same gassen på kontinentet, og då lyt me føra straum ut dit i staden!
Me registrerer også at det å leggja straumkablar til England ser ut til å vera meir gjennomførleg enn å leggja dei same kablane i Hadangerfjorden.

Så kom Dagmar.
Det var ei valdeleg furie som bles ned straumkablar og infrastruktur og sette by og bygd straum ? og ? kommunikasjonslause i dagar, ja til og med over veka.
Her kom nokre ministrar og såg på øydeleggjingane. Dei bar seg over korleis det såg ut, og for sin veg attende til den trygge tigerstaden.
Vestlendingane ville ha meir handfaste tiltak mot framtidige øydeleggjingar, og ville ha sjølve statsministeren vestover. Men han var oppteken i Polhavet så han hadde ikkje tid til oss.
Men, brått skjøna han at noko måtte gjerast om ikkje vestlendingane skulle gje han banesår ved neste stortingsval, og han han laut motvillig ta den lange vegen over fjellet for å sjå til oss i vår armod.
Då han kom kunne han fortelja oss at nå skulle alt verta mykje betre. Me skulle få store kraftliner både i Hardanger og i Sogn og Fjordane., Dei skulle avhjelpa og forhindra framtidige problem med straumtilførsla vår.
Då må eg spørja, er det me eller er det statsministreren som er dum. Det var då ikkje dei store tilførselslinene som tok straumen vår i julehelga. Det var dei lokale linene mellom grender og hus.
Nei Jens, du kunne like godt ha halde deg i Polhavet dersom du ikkje hadde noko betre å koma med enn informasjon om det me visste om frå før.
Me treng ein lokal infrastruktur som er påliteleg og robust, ikkje store ord og fleskefeitt frå tigerstaden.
08.01.2012.M-m.

6 kommentarer
    1. AP brukar ofte “Goddag mann økseskaft”-svar på spørsmål, og slik også i dette tilfellet. Strøm-Eriksen brukar same teknikken når ho skal svara på spørsmål om mangelfull kreftbehanling. Ho svarar at det no går mykje bedre når det gjeld psykiatrien. Eg forstår ikkje korleis dei torer, men det er enno lenge til neste stortingsval.
      Ved orkanen i 1992 tok kong Harald på seg stvlane og vitja dei ramma, men Gro sparte seg den billetten, så slik sett var det svært at Jens tok turen og fekk sjå eit lysbileteshow av øydeleggingane.
      La oss vone at vi har ei god veke framfor oss!

    2. Det er nå ikke bare på vestlandet trærne faller ned over veiene…. Forleden dag falt et svært tre ned rett utenfor arbeidsplassen vår – også som en følge av Dagmar. En innvandrer fikk det nesten i hue. 1/2 meter fra. Nå er resten av trærne borte – falt for kommunens øks og sag.

    3. Broder’n i øst:Håper at de kommer like snart med sag og øks langs linjetraseene våre, men her skal vel Kleppa ha en “gjønogong” først, og da kan det vel ta både vinter og vår.

    4. Pedro:Jaja, no har dei visst funne enno meir olje ute i havet, så då vert det vel enno mindre til distrikta. Det var ein som hadde eit innlegg i avisa og han etterlyste eit separatistparti som burde gå inn for eit Vest/kystnoreg med føremål å behalda verdiskapinga her me genererer den. Ein besnærande tanke ettersom dei styrande ser ut for å ha så store problem med å finna ut av rutetabellar for jarnveg og fly frå Oslo til Vestnoreg.
      No ser eg at han Jens har eige fly som frakta han til Tyrkia i går, så då skulle det vel vera ei von om at det flyet kan frakta han over landfjella også av og til. Om snautt to år er det val så då for me kanskje sjå han her.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg