Bokslepp..

I går var eg på ei litt spesiell boklansering på Herdla Museum. Dette boksleppet er såpass spesielt at det kanskje ikke er av interesse for mange. Likevel vil eg skriva nokre ord om hendinga, for den skulen som er beskriven i boka er nok ganske unik i skulehistorisk samanhang.

Det gjeld Herdla Internatframhaldsskule (1946 – 1966).

Denne skulen er ein forløpar til ungdomsskulen me kjenner i dag. Det var frivilleg tilbod om eit 8. skuleår som bygde på folkeskulen, men hadde engelsk, sløyd og husstell som obligatoriske fag.
Dei to tre fyrste åra var skulen rundt på bygdene alt etter søkjarar og lærarkapasitet.
Men, det vart snart klårt at skulen burde ha ein fast stad, og ettersom gamle Herdla kommune var  ein øykommune gjorde kommunikasjonsvanskar det nødvendig å etablera skulen som ein internatskule.
Herdla, som var kommunesenteret, var heile krigstida tyskokkupert og her låg ein av Vestlandets største flyplassar. Det førte til at det var bygd opp store brakkekompleks og desse var veleigna til internat og klasserom for den nye framhaldsskulen.
Det er hevda å vera den fyrste internatframhaldsskulen i landet, og hit strøymde 14-åringane til. Det var nok ei krevjande skuleform både for foreldre, born og skule, men dei 20 åra skulen var driven gjekk utan alvorlege uhell av noko slag.
Me budde på tremannsrom og arbeidsoppgåvene, i tillegg til skulen var, bl a å hogga ved og fyra i ovnane, både på romma og i klasserommet. Reinhaldet på romma var også den einskildes ansvar. Elevane sto for kjøring av maten frå den lokale kjøpmennen.
Dagsrutinen var, Opp kl 08.00, frukost, skule 09.00 – 14.30, middag kl 18.00 og i seng seinast kl 22.00.
Eg gjekk sjølv på denne skulen og ser attende på det skuleåret med glede. Me lærte utruleg mykje, ikkje minst av praktiske ting, og eg trur at året gav oss ein god basis for det vidare livet vårt.
Til sist må eg seia at Herdla var ein lutfattig kommune på den tida, og det løftet dei tok ifm etablering av framhaldsskulen må me gje dei framsynte politikarane all æra for.

4 kommentarer
    1. Hadde denne skulen blitt driven ein annan stad i landet, eg skal ikkje nemne fylke, hadde det blitt søkt erstatning frå staten for øydelagt barndom, bernearbeid og umenneskelige levekår. Men vestlendingen var smålåten, og takkar for det han fekk. Dei som gjekk der såg det vel også som eit nederlag å reisa heim med halen mellom beina. Dei stod han av, og voks stort på det. Det skulle vore interessant å få ei vurdering av denne skuleforma av vår tids pedagogar.
      Takk for eit interessant tema, og ha ein god dag.

    2. Pedro:Takk for ein betimeleg og fin kommentar. Vi levde opp i ei tid utan ombod, mattilsyn, luftmåling, miljøkontrollar og anna kontrollverksemd som gjorde oss meir opptenken av kva goder me kunne forlanga enn å skaffa oss kunnskap. I vårt liv var utdanning og kunnskap overordna det å få det beste pålegget eller dei tøffaste merkekleda. Ha ein fin kveld i tigerstaden.

    3. Hei Fundi, jeg er som du opp i åra, skriver som deg og er også pensjonist.
      Syssler litt med mine skrivnader som du finner noen av under vedlagte webadresse eller under: bokslepp.blogg.no
      Bli en av oss. Vi er 40 debutanter som har et forfatterfelleskap som vi kaller
      “BØKER SOM IKKE FINNS”
      Hilsen
      Peter

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg