Politisk lurium larium.

Eg tenkte fyrst at eg, på grunn av dei tragiske hendingane 22. juli, ikkje ville ironisera over ymse politiske og andre krumsprang i juli og august. Men når det no har gått ei tid, og verda og vi atter ser framover veljer eg å publisera det eg har skrive. Det har trass i alt sin basis i konkrete hendingar. M-m.

Juli/August 2011.

 

Juli er janmnast ei roleg tid
kor folk har fri frå mas og strid.
No vil alle ha varme og sol,
og late dagar i campingstol.
Men juli gav lite sol og varme,
me sat mest inne, kalde og harme.

Men ikkje alle heldt seg i ro.
På sjøen var det fart som forslo.
For nokre tok farten overhand,
og dei kom seg ikkje oppatt på land.
Lær deg sjømannsskap og respekt
før du kjøper ei 50- knops jekt.

I England har juli vore stri,
der slit dei med delar av pressa si.
Aviser spanar på liten og stor,
og Murdoch ramla som lort til jord.
Avisa hans gløymde folkeskikken
då dei gav blaffen i presseetikken.

Men trass i kjøleg ferietid,
vart me spard for politisk strid.
Spard for løfter og fleskefeitt,
og krangel om kva som var gale og rett.
Ja, denne ferien var den eg trong,
Men vent, i august er dei atter i gong.


August tok seg opp då det leid mot slutten,
då vakna han att, den politiske futten.
Ein skårunge av ein oljeminster
grip tak i miljørørsla og rister.
Då vakna dei brått av sumardvalen,
dei lukta strid og ministerblod på valen,

Fyrst seier dei nei til olje og gass,
og mastrer og vindmøller hiv dei i dass.
Ministeren saknar konsekvens i miljøpolitikken.
Med nei til alt stoggar heile butikken.
Vert me for sær i vår kamp for miljøet;
Ja, då kan me missa levebrødet.
01.08.2011.M-m.

 

2 kommentarer
    1. farmoringrid:Takk for fin kommentar. Joda, han var litt raskt ute og nappet miljøbevegelsen i pelsen. Selv om han har et poeng er det utvilsomt andre og mindre konfliktskapende måter å ordlegge seg på. Nå er det valg og da får jeg nok råstoff til flere innlegg.
      Apropos sommerslutt.Vi prøver å strekke sommeren litt til ute i Øygarden, men foreløpig legger vårherre en våt og vindfull hånd over vår tilværelse der ute. Ha en fin dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg