Min Haustdag


Kva vakna eg opp til denne dagen.
Jau, vind og regn spruta ned i hagen.
Bjørkene flagra i stormvindsuset.
Råkaldt det kjennes i heile huset.

Planen din om ein tur til byen,
kvarv då du ikkje fann paraplyen.
Du ville helst nedatt til dyna og puten,
du er ikkje lengre den hardbalne guten.

Nei, haustveret er ikkje noko for deg
som ikkje vil ut på regntung veg.
Men tenk når svartsinn i hugen din står,
om 6 mnd er det atter vår.

Frå storm til stille, frå regn til sol,
frå nedregna plantar til vakker fiol.
Kanskje alt i morgon det snur,
livet går oftast betre enn du trur.
02.09.2011.M-m.

 

 

 

 

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg