Klårsyn eller toskeskap ?


No treng eg litt rettleiding her på bloggen.
 Det ser ut for at kongelege og tilknytte kongemakta vår, så snart dei oppnår ein eller annan status får evner som berre er Snåsamannen og “dess like” sin marknad.
Det er ikkje det, eg trur at eg er svært så heldig som slepp å masa med ein daud og begraven bestefar slik Ari Behn ofte lyt gjera. Det får då vera nok at stat og kommune passar på meg frå vogge til grav om ikkje dei daude også skal blanda seg inn i kvardagen min.
Ja, og så seiest mora til Ari og mora til Pia (Haraldsen) skal vera klårsynte, eller clairvoyante, som det heiter i dei krinsar.
Klårsyn er,etter det eg skjøner ei evne til å sjå både framover og bakover i tid, innover  og utover i horisont. Trøste meg, la meg få planleggja livet mitt utan å verta forstyrra av alle dei ting eg ikkje kan gjera noko med. Er det ikkje komplisert nok som det er kanskje?
Så har me englesongen til Marta. Den vil eg seia minst mogeleg om, anna enn at eg skulle ynskja at ho kunne rota med desse stakkars fantasifigurane sine sjølv, og i sin eigen kyrkjelyd.
Og så vil eg ynskja at media kunne la vera å presentera oss for denne fantasiverda kvar einaste dag, dei aller fleste av oss greier oss med det som rører seg rundt oss. Me treng slett ikkje å masa med det som forlenst har slutta å røra på seg.

Ha ein realistisk kvardag.

6 kommentarer
    1. Du sier at “dei aller fleste av oss greier oss med det som rører seg rundt oss”. Ja – sånn er det. Men der er – forundelig nok – noen som er opptatt av noe mer. Behn, Märta og andre. La de holde dette for seg selv. Vi trenger ikke å bli matet med deres fantasiverdner.
      Men vet du at det er noen som driver dette lenger? I dag er det 21. mai – og en eller annen skrulling har funnet ut at dagen i dag er dommedag! Han prøvde seg også for noen år siden – men måtte innrømme at han hadde regnet feil….
      La oss holde oss til dagen i dag – det er den vi kan gjøre noe med. Og i dag skal jeg pusse opp gangen. Jeg har nok med det!

    2. Min respekt for Sonja og Harald stig for kvar tid… Pressa frå alle kantar framstår dei som tolerante og kloke. Sjølv Ari er imponert seier han. Og kongeparet seier dei vil halda fram, i uviss tid. Som kong Olav sa: Enten er du konge – elles så er du daud! Men sjølv med vår naturvitenskapelege vinkling Magnus – det er meir mellom himmel og jord… Ha ei god helg i regnveret. Beste helsing Finn.

    3. Finn H Reknes:Ja det er nok berre å vedgje at andre nok kan ha fleir utanomjordiske opplevingar enn meg. Av og til er det som ein kan misunna dei, men mest kjennes at det må vera slitsamt. Vel, dette tilsides, og – som eg tidlegare har sagt tykkjer eg at kongen gjer ein fin jobb. Berre ikkje Jens tek over alt for mykje kan han berre halda på så lenge han orkar, han Harald.
      Vi ser fram til ljosare og varmare tider. God helg. Helsing Magnus

    4. broder’n i øst:Som du skjøner tar jeg meg av toskeskapen, så kan kongfamilien og deres venner ta seg av klarsynet. For min del er det løsning av dagbladkryssordet jeg sliter med, og der kunne jeg trenge både englevakt og klarsyn. God helg.

    5. farmoringrid:Der er nok det, så en må nok bare akseptere at noen finner mening og opplevelse i forhold andre finner meningsløse. Ha en fin week-end.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg