Joleblotet i Tigerstaden


Google billedarkiv.

Joleblotet i Tigerstaden.

Har de høyrt om det store joleblotet i tigerstaden, eg trur det var i 2007. Då kom  Liv Signe, Kristin og Jens  saman for å nyta joleribbe og akevitt, og for å feira at dei hadde greidd seg også dette året utan separasjon og skilsmål.
Då dei var komne til kaffibordet,  der konjakkeimen la seg over dei, og dimma dei både på syn og tanke, var det tida for å løysa dei store problema  i verda. Me kjenner det kanskje att fra eigne røynsler frå seine kveldar i konjakkskodde.
Kristin slo til med ein gong med si hjartesak, den store luftureininga i verda. Nå laut dei tre setja i gong den globale bergingsaksjonen, og samtalen rundt det konjakktunge kaffibordet sikta inn mot biltrafikken.  Kristin hadde høyrt ein stad at dieselbilar skulle vera mykje reinare å køyra enn dei gamle bensinbilane, og på nachspelet etter joleblotet  vart dei einige om at no skulle folket få rimelege dieselbilar.
Folket , som trur på det som kjem frå høgdene, sjølv frå eit fuktig joleblot, sette i gong og skifta ut sine bilar med verda sine bergingsbåtar, dieselbilane.

MEN, etter ein stor fest kjem ofte blåmåndagen, og den seig fort inn over landet. Det synte seg at Kristin ikkje hadde fått med seg at dieselbilane spydde ut mykje drit og lort i form av støv, og at ein difor laut sila bort denne f?skapen med eit filter.
Dei som ikkje hadde slike filter på bilane sine laut betala ekstra mykje skatt på bilen. Kva denne ekstra skatteinntekta skulle gå til er visst enno ikkje klårgjort.

Jaja, men som ikkje dette var nok, så kom det fort fram at desse hersens dieselbilane spydde ut mykje meir gift enn dei gamle bensinbilane. Det er visstnok så gale at dei  i den nest største byen vår tenkjer å auka bomprisen for diesebilar som vil inn til byen. Kva skal så desse ekstra inntektene  gå til, antakeleg til meir vegbyggjing!

For å gjera ei lang soge kort. Tru aldri på dei milde gåvene frå joleblota til Liv Signe, Kristin og Jens i tigerstaden. Blåmåndagen er snart over deg  og då kan du fort kome til å angre på dei fuktige råda du fekk.

 

4 kommentarer
    1. hi hi, vi fulgte rådene og kjøpte oss dieselbil – en VW jetta. Jetta, jetta – jada jada. Den skal skiftes ut før neste vinter – har aldri frosset så mye siden tiden da jeg kjørte en VW Boble.

    2. Ha ha, fornøyelig skrevet ! Vi har både en dieselbil og en bensinbil så kan vi velge alt ettersom trenden fra politikerne snur! Ha en deilig dag! 🙂

    3. mojita:Vi var nok mange som gikk på den. Ettersom vi ikke har så lave temperaturer her vest har vi ikke vært plaget med kald bil, så Octaviaen fungerer fint for oss, og så bruker den svært lite diesel. Men det siste kommer vi antakelig til å måtte betale med høyere bomavgift! Høres ikke bra ut med den Jettaen. Har selv hatt et par bobler og vet litt om hvordan det er å ha kald bil. Ha en lun vårdag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg