Snøvær i Oktober.

Frå verandaen kl 09.00 i dag.

Det er ikkje måte på kor mange problem eit tidleg snøver fører til. Hundretals bilar på tvers, eller utafor vegen. Ja, og så står bybana heilt still pga is på køyreledninga. HALLO, har me ikkje kjøyrt slike baner i over 100 år ? Har me ingenting lært ? Det er sanneleg godt ein er pensjonist og ikkje er avhengig av å koma seg på jobb i otta.

Foto.: Adresseavisa.

/* Style Definitions */
table.MsoNormalTable
{mso-style-name:”Table Normal”;
mso-tstyle-rowband-size:0;
mso-tstyle-colband-size:0;
mso-style-noshow:yes;
mso-style-priority:99;
mso-style-qformat:yes;
mso-style-parent:””;
mso-padding-alt:0in 5.4pt 0in 5.4pt;
mso-para-margin:0in;
mso-para-margin-bottom:.0001pt;
mso-pagination:widow-orphan;
font-size:11.0pt;
font-family:”Calibri”,”sans-serif”;
mso-ascii-font-family:Calibri;
mso-ascii-theme-font:minor-latin;
mso-fareast-font-family:”Times New Roman”;
mso-fareast-theme-font:minor-fareast;
mso-hansi-font-family:Calibri;
mso-hansi-theme-font:minor-latin;
mso-bidi-font-family:”Times New Roman”;
mso-bidi-theme-font:minor-bidi;}

Den første snøen.


I natt kom han att,

den aller første snøen.

Stilt og varleg han datt,

og la seg ut over bøen.

trea fekk si vinterkåpe.

No er vinteren i emning.

På vegar som er sleipe som såpe,

finn du mang slags morgonstemning.

 

Har du fått på vinterdekk,

då kan du vera letta og glad.

Du startar bilen tøff og kjekk.

Eit trykk på gassen, du er avstad.

Du forserer fyrste bakken.

Dette går jo som ein leik.

Framleis inga ripe i lakken,

til du kjem til neste kneik.

 

Her står alt frå botn til toppen,

dei står og stongar bil på bil.

Øvst står han som skuldast stoppen.

Han må sikkert vera stril.

Der står du og slurar og spinn

saman med andre på kross og tvers.

Sverjande, storsint og grum i sinn,

syng du ut ditt nidingsvers.

 

Men bannskap er til inga nytte.

Her gjeld berre ein medisin.

Kom deg ut, hjelp til med å dytte,

då rekk du omsider jobben din.

Slik har det vorte, år etter år.

Snø og glatte kjem alt for fort.

Brått du med hatten i handa står

i snø på leggen og ynskjer deg bort.


Bort frå vinterdekk og is,

sørover til varme og til sol.

Til strender og solvarm bris,

med longdrink og liggjestol.

Bort frå måking og glatte på vegen.

Her gjeld sumardekk heile året.

Kjende du deg tung og segen.

Her kan du retteleg slå ut håret.


Men sjå ut glaset, vinteren er vakker.

Snøkåpa lyser opp naturen.

Ungar på ski på eng og i bakker.

Sit ikkje inne tung og sturen.

Hugs at i sol og gloheit bris

har mange hug på litt svalande vind.

Dei drøymer kanhende om snø og is,

og ynskjer dei såg ei snødekt tind.

21.10.2010.M-m.

7 kommentarer
    1. Kjempefint skrevet!:) Vi fikk også snø hos oss natt til onsdag, og det var kaotisk på veiene rundt om byen. En buss valgte å kjøre ned via en åker, fordi det var så glatt, og fordi bilistene hadde store problemer.
      Jeg synes det ble mye lysere og finere ute nå som vi fikk snø. Selv er jeg et vår- og sommermenneske, men det er en sjarm med alle de fire årstidene vi har her!:) Ønsker deg en kjempefin fredag, og god helg!:)

    2. Krelitos:Joda, den bussen såg jeg bilde av i avisa, vi gjør alle våre veivalg..
      Vi er nok ikke så forberedt på tidlig snø her på våre trakter så da blir det ekstra mye kaos, problemer og komikk. Ha en fin helg.

    3. Veldig flott skrevet – igjen! Og du har fått med deg det meste, men tviler vel på om noen ønsker seg snødekte vidder mens de sitter i solen med paraplydrikk (ikke jeg hvertfall!) MEN det er jo vakkert på bilder da. Ha en fin fredag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg