Fredspris til glede eller vrede.

Foto.: Strandbergs Mynt.

 



Alfred Nobel, ein dugnadsam gut,

flink med både  sprenging og krutt.

Han fann opp dynamitten.

Vann over fjellet og granitten.

Pengane hans vart lagd på is,

og rentene vert delt ut kvart år som pris

til flinke folk frå alle nasjonar

som representerer ulike profesjonar.

 

Me fekk såleis den store æra,

Alfred sin arv fram å bera.

Me deler ut prisen for fred.

Ein vald komite skal gjera det.

Prisen vert delt ut kvart einaste år

til folk som gjev freden betre kår,

også til menneskerettsaktivistar,

om dei er høgrevridde eller kommunistar.


Utdelinga kan skapa debatt

om  kven som skulle prisen hatt.

Men stort sett går sakene greitt,

og Nobelkomiteen er sjeldan i beit.

Litt uro med ein pris til Obama,

og bråk då han vart gjeven til Dalai Lama.

Prisen skal ikkje vera politikk.

Men samrøra der, fører til komikk.


I år gjekk prisen til ein kinesisk dissident,

og då vart tilhøvet til Kina betent.

Ambassadørar vart kalt inn på teppet.

Ministrane sjølv ville sleppa dette.

Ingen ville møta vår fiskeriminister,

så ho laut ta turen som andre turistar

Fiskeoppdrettarar skalv i buksa.

Selde ikkje laksen, laut dei ut att med juksa.

 

Midt i det politiske røret

kom vår utariksminister i uføret.

Han hadde kviskra komiteen i øyra;

Ein pris til Kina let seg ikkje høyra.

Men dette skulle han helst ikke sagt,

for det var misbruk av politisk makt.

Og  no har fredsprisen førd til storm

den politiske uroa er enorm.


No trengs ein meklar til å ordna opp

så uroa kan verta lagd på is.

Den som kan roa den politiske flopp

er opplagd kandidat til neste års pris.

17.10.2010.M-m.

14 kommentarer

Siste innlegg