Kong Salomon og Jøren Hattemakar.


Foto.: friheten.no

For å glede eller kanskje ergre venner fjernt og nært publiserer jeg nå disse frekke og kanskje inkvisitoriske tankene rundt siste tiders plask i den politiske andedammen.

 

Ja, no har dei greidd det att,

vår kjære ministerportefølje.

Dei som pålegg oss avgift og skatt

vil si eiga skattekiste dølgje.

Ei gåve på stort over tusenlappen,

ver varsam å ta i mot.

Den skal skattast på raude rappen,

ellers vert straffa ei saftig bot.

 

Men no er katta ute or sekken

med klokker, armband og teppe.

Ministrar sit midt i mediatrekken

som dei sikkert helst ville sleppe.

Dei lagar lover for folket flest

som ikkje gjeld for dei sjølv.

Slik kan statssjefen halda fest

med koppestell av sølv.

 

Så har me ein utanriksminister,

ein flink og dugeleg mann.

Han er ikkje som andre turister

som fer rundt land og strand.

Tepper likar han veldig godt,

helst det orientalske slaget.

Å få dei gratis er også flott.

Me såg dei på femtiårslaget.

 

Eit sveitsarur av toppkvalitet

fekk forsvarsministeren i gåva.

Ho som straffa vårt admiralitet

for deira små sidesprang frå lova.

Armband av puraste gull

fekk to andre ministrar.

Det heldt ikke med blomar eller anna tull.

No endar dei vel som hobbylobbyistar.

 

Skilnad på kong Salamon og Jørgen hattemakar,

slik vil det alltid vera,

også på minister og bakar.

Slik er no eingong denne verda.

Kjære politikarar, høyr  vårt krav.

Gjev alle likskap for lova.

Drukna kje?  gåver i løyndommens hav.

Då kan de rolegare sova.

12.09.2010.M-m.

 

6 kommentarer

Siste innlegg