Visdomstanna mi, Good bye !

Foto.: Kvasir Bildearkiv.

Visdomstanna.

 

I dag laut du fara

mi gamle visdomstann.

Lenge har du vara,

og tent ein gamal mann.

Seint kom du fram i dagen,

sjukleg var du og.

Du førebudde det eg fekk i magen.

Kva jobb du gjorde, ingen såg.

 

Du vart eit trufast følgje

over mange år.

Meistra ein matportefølje

frå frukt til fenalår.

Du vart pussa og stelt

og vøla då du gjekk sund.

Etterkvart vart du ein helt

i gamlekaren sin munn.

 

Men no var det inga råd,

du hadde slite deg ut.

Du kunne kje lenger i munnen stå,

du var heilt kaputt.

Tannlekjar måtte til,

og tonga vart leita fram.

Ut kom du, utan noko dill.

Og eg laut ha meg ein sørgjedram.

 

Takk for vårt lange hopehav.

Godt har du tent din herre.

Sikkert han bydde deg mykje kav,

men no er du borte diverre.

09.08.2010.M-m.

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg