Å finna ein partnar før
kunne vera ei underleg øving.
Nokre stogga ved grannens dør,
etter mykje feiling og prøving.
Andre skaut blink på dansefest,
der var tilbod i fleng.
Utvald var den som vart nattegjest,
og fekk dela kropp og seng.
Mange drog til næraste by,
der var utvalet ofte stort.
men var du blyg eller sky,
då turka sjansen ofte bort.
Då sto du der åleine att.
Var der då ingen for deg ?
Vart trøysta no hund eller katt
som fylgje på livets kronglute veg ?
I dag er det ei anna tid
om du ikkje den rette finn.
Lett finn du lukka i stova di,
på datamaskinen din.
Ta deg ein tur ut i Cyber Space,
Vindauget vårt mot kloden.
Der smiler dei mot deg sneis på sneis,
her er den nye sjekkemetoden.
Trykk på eit andlet, trykk på ein kropp,
no er du godt i gong.
Finn du eit emne så berre stopp,
Var dette den du trong ?
Er han frå Kina eller frå Ghana,
det gjer ikkje frå eller til.
Før sleit ho med ein frå Fana,
men han har no funne ei frå Brasil.
Globalisering kallar dei dette.
Heimstaden er ikkje lenger eit bur.
Fri som fuglen, hoppe og sprette,
frå grein til grein i fri dressur.
Men vara deg, ville du dette ?
Var det lurt å krossa så mange elvar ?
Er me enno ikkje mette ?
Ynskje me fleire himmelkvelvar ?
21.06.2010.M-m.
sv; Den skal brukes i skauen, er jo hobbyen min hehe.
Og nei er ikke mye arbeid på den, ikke noe rust, hel og pen under og inni, og det meste er bra. Er noe småtteri her og der, og den trenger ny maling 🙂