Mullah Krekar og anna forureining.


Kilde.: Aftenposten.no

Me driv og borer i havet vårt,

og der kjem det opp mykje rart.

Olje og gass som verda treng sårt,

men er denne pumpinga eigentleg smart ?

Mest skeptisk til dette er venstresida.

Dei nektar brenning av gass her til lands,

medan dei pumpar og sel heile tida,

og soler seg i sentralbanksjefens pengeglans.

Men gassen må slett ikkje brennast her heime.

Dei sel han til utlandet og brenn han der.

Då er dei politiske samvita reine.

Men hallo, bur me kje?alle i same verd.

 

Så har me ein leigebuar, Mullah Krekar.

Han trugar med terror i aust og i vest.

Jamt han på TV-skjermen står og brekar.

Den dagen han fer skal bli ein fest.

No trugar han liv om han vert send ut

til landet kor han var ein storkar.

Der ynskjer dei ikkje ein storkjefta stut.

Dei slit med problema dei allereide har.

Så spurde pressa sjølve storsjefen Jens

Han måtte då veta ei råd.

Den guten er aldri pengelens,

og han veit om Krekar i landet får stå.

Jau, Jens forkynner klårt og greitt;

Mullaen skal sendast frå landet snart.

Men spør du om dato, er han i beit.

Han er redd for helsa, det er klart.

14.06.2010.M-m.

7 kommentarer

Siste innlegg