Litt gamalnytt.

I mangel på nytt stoff fann eg dette i tølene mine. Her sparkar eg  både til aust og vest, men når eg tykkjer at verda ikring meg vert for "løgen" må eg få det ut på eit eller anna vis.



Gale var det verre, og før er det no,

omsnudd er alt som i skriftene sto.

Det meste som smakar er til skade for kroppen,

Helst skal du halda deg til vatn rett frå koppen.

Men, berre vent ? om eit par års tid

kan du nyte di matglede like blid.

 

Fedon er ein matprofet.

Han forkynner.: Ikkje et potet!

Mjøl er heller ikkje bra

om du mange gode dagar vil ha.

Skal du unngå tidleg død

er nok beste kosten borkebrød.

 

Sky alt feitt, et mykje fisk

om du vil halda deg sunn og frisk.

Frukt er heller ikkje bra

om du ikkje magefeitt vil ha.

Egg var også nei-mat ei stund

men har no ord på seg som god og sunn.

 

Mjølkemat trudde me var sunt og godt

men at dette er ei villfaring har me no forstått

hald deg unna mjølk og smør.

Sei nei til rommegraut om nokon spør.

Best er kanskje vatnet dei tappar under breen.

Eg ventar no berre på den beskjeden.

 

Moralen lyt vera.: Lev moderat.

Forsyn deg med gledene fra kvart fat.

Lån til profetane litt av ditt øyra,

men slett ikkje alt treng du å høyra.

Lev roleg om vaktarane syter og klagar

la matgleda vera med å fylla dine dagar.

 

Så over til vårt arbeidstilsyn,

hi veke slo dei ned som eit lyn.

Nekta lystgass til fødande kvinne

slik at ho kunne over smertene vinne.

For gassen gjorde jordmødrene ør og galen

så dei for og dansa i barselsalen.


Eg held meg framleis ved sjukehussenga

for her oppe i Bergen trongs mykje meir penga.

Så, korleis makta å skaffa seg mest

av pengar til sjukehusdrifta i Vest.

Jau, løysinga vart enkel og genial.

Der det regnar og bles mest vert folk ofte skral.

 

Ja, då lyt me finna ein ny moral.

Om du kjenner deg liten eller skral

finn tak i ein byråkratisk ekspert.

Han gjev deg straks argument med snert.

Og vips, så har du løyst problemet ditt

Skit i dei andre som strir med sitt.

 

Så litt meir politisk sus,

han SV-Inge laut på sjukehus.

På rommet var det svært så vindfullt og gale

så Inge laut med kvitlar og dunjakkar bale.

Han ringde sin ven som er helseminister,

?Her ligg eg og frys, heile skrotten min ristar?.

 

Og ?Pølse-Håkon? tok straks affære,

og sjukehusdirektøren fekk litt å gjere.

SV-Inge fekk løyst sitt problem i ein fei,

samstundes fekk me andre ein praktisk vei.

Ring din minister, legg fram ditt problem.

Og vips, det straks opp på dagsorden kjem.

 

Det er skildnad på kong Salamon og Jørgen Hattemakar

slik også på stortingsmann og bakar.

Den eine meskar seg med gullpensjon,

den andre lyt tåla ein mindre rasjon.

Å dela med andre kjem ikkje på tale,

nokon drikk fløyte medan andre må bale.

 

27.05.2009.M-m.

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg