Gårsdagen i(a)nnfall.

Som overskriften antyder vet eg ikke om dette er resultat av et innfall eller et anfall.
I alle fall ble det snekret sammen i går. Etterhvert blir det nok pusset og polert litt,
men dette er status pr nå.
Ellers titter nå solen gjennom tåkehavet og vårdagen er i anmarsj. Hva den måtte
bringe av evt lykkeopplevelser gjenstår å erfare.

Lukke er eit underleg ord.

For ungar er lukka ein sjokoladebit

Men annleis er det for deg som er stor.

For deg kan snopet gje helseslit.

 

Dei nygifte ser ein stråla av lukke.

Livet er heller rosenraudt.

Nokre år etter ser ein dei sukke.

Alt som gav lukka ligg flatt og daudt.

 

Lukkeleg kjøpte du ein båt.

På sjøen var du sterk og fri.

Men fridomen vart ofte kald og våt,

til ergring og trassel for kjerringa di.

 

Lukka kan vera ein shoppingdag.

Då kan ho drøyma om fargar og stil.

For han er dette eit kjedeleg jag.

Hans lukke er å handle bil.

 

For nokon er lukka ein hund,

ein liten og koseleg tass.

Heilt til han ein dag slit skoen din sund

og hundelukka går i dass.

 

Jau, me er ulike, takk for det.

Eg trur det berikar oss alle.

Med lukka kan det gå opp og ned.

Du kan ikkje kvar dag i ulukka falle.

07.04.2010.M-m.

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg