Ulikskap

http://home.online.no/~schonhow/bilder/han_hun.gif

Nedetter vegen trippar ho,
trongkledd og fargerik,
på høghela sko.
Sminka og ?styla?
frå tå og til topp,
og innom alt dette,
ein veldreidd kropp. 

Med buksa på ræva
diltar han bak.
Capsen på snei
eig han ingen smak ?
Ugreidde hårtuster,
utsleten brok,
han skulle ha gøymt seg
inst i ein krok. 

Saman finn dei då,
ho og han.
Så ulike skapningar som det går an.
Ho får av han kleda,
og fjelgar han opp.
For under fillene
fann ho ein kropp.
31.01.2010.M-m.

17 kommentarer

Siste innlegg