Svartedauden II.

http://www.miljolare.no/innsendt/multimedia/konvertert/2122/4035f15493067_files/slide0008_image115.jpg

No skal de høyra ei underleg soga
om sottevarselet som skaka vårt land.
Om elefanten som vart til ei flåga,
alle skulle råkast, kvinne som mann. 

No vert det berre spørsmål om tid
før heile landet ligg aude.
Svinesotten skal verta så stri
med ofseleg sjukdom og daude. 

Avisene messa og fjernsynet skreik
og spådde oss ?ned og nord?.
Heime i stova, ottesam og bleik
svalde me kvart eit ord. 

Korleis skulle me unngå sotta.
Det aula med gode råd.
Nevar laut vaskast, det laut me håtta,
Jamvel dei folkevalde vakna til dåd.

 Pesten vart drøfta i vår stortingssal,
stoggast laut styggedomen.
Vaksinar vart tinga i hopetal
før pesten til landet var komen. 

No skal så folket til vaksinasjon.
Men akk, kva hender vel då ?
Kvar er vår vaksinesprøytestasjon ?
Det kan ingen svara oss på. 

Dei kranglar no, kven skal setja nåla.
Det handlar visst om pengar då.
me spring rundt for å masa og gnåla
for at me immunisering skal få. 

Ja, slik skal det visstnok vera no.
Pengar går framfor liv og helse.
Får eg?kje pengar så kan du stå der og glo.
Utan dei finn du ikkje frelse. 

Så attende til elefanten og flåga.
Var ikkje virusen fårleg lell ?
Nokon gjorde då pengar på soga.
Vart me andre narra? Eg undrest kvar kveld.
16.10.2009.M-m.
Dette har samanheng med vaksineringssirkuset ifm svineinfluensaen sist haust.

9 kommentarer
    1. Utrolig bra skrevet! Har du skrevet det selv?
      Tusen takk for mange koselige kommentarer på bloggen min! Veldig koselig å¨høre at du liker den altså:o)
      ha en fin fin fredagskveld!

    2. Takk skal du ha. Joda jeg skriver litt av og til. Noe er lett og lødig, noe litt tyngre.Det kommer nok mer etterhvert.
      God week-end.

    3. Kjerringa lurer på om du ikkje gjer noko anna enn å dikta.
      Du imponerar både henne og meg.
      Eg hadde ikkje sagt det bedre sjølv.

    4. Takk skal du ha Pedro. Ettersom eg er litt mindre mobil no om vinteren kan det vera greitt å setja ord på tankar og frustrasjonar. Bruker ikkje mykje tid på det, men trives med det.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg