Skandale eller ?

Ja, no har me greidd det att. Me har i heile vinter vorte tuta øyro og augo fulle med godord om kor godt førebudd våre langrennsgutar og deira støtteverksemd er til dei olympiske vinterleikane. Me er fortald å ha favorittar i alle greiner. Alle pilar peiker oppover.
Men kva hende, og kva vart resultatet då "barneskirennet" tok slutt ? Jau, beste norske på 28. plass, og favoritten kom visstnok i mål ein eller annan gong han og. Medan dei aller fleste av favorittane greidde å yta maks då det galdt som mest, laut våre gutar luska inn i smørebua med rova melom beina. Det var vel det same som hende i Torino-OL for fire år sidan.
I høve til dei skapte forvetningane er resultatet ein skandale, korkje meir eller mindre. Men kven kan lastast ?
I alle høve, langrennsgutane sjølv vil eg ikkje lasta for miseren, dei gjorde nok det dei var god for. Årsakene må finnast rundt dei, altså i støtteapparatet.
Her er det nok å ta av, smørjarar, trenarar, forståsegpåarar, psykologar og anna helsepersonell. Til og med media lyt granska seg sjølv om desse sakene, slik dei har blese opp favorittane.
Det kan ikkje vera akseptabelt at våre langrennsløparar får øydelagt det dei har trent seg opp til og førebudd seg på i mange år.
Jeg spør berre. Hvorfor greier stort sett konkurrentane å preparera sine idrettsutøvere til dei største idretts-hendingane medan me litt for ofte står på sidelinja med hatten i handa ?
Lat oss til sist vona, for idrettsgutane sin eigen del, at fortsetjinga går betre enn starten.

Så vil eg ynskje Marit Bjørgern til lukke med bronsemedaljen. Det var stort!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg