Bannskap i radio og TV

http://www.nrk.no/contentfile/file/1.1250530!img1250511.jpg

Vårt kongelige kringkastingsråd hadde, i fjor haust, oppe som sak tiltakande banning og fy-ord i etermedia, men kom visst ikkje til noko resultat. Så det er vel framleis fritt fram for frodig ordbruk, godt hjelpt av  lova om ytringsfridom.
Kvar eg står i den saka ? Om det vil eg seia, ikkje for mykje og ikkje for lite.
I alle høve fann eg på å skriva nokre liner om saka, og her er resultatet.:

Er moralvaktarane heilt galne no,
skal det bli slutt på all banning i radio ?
og ingen eidskap i TV-en heller.
No vert det vel andakt frå loft og til kjeller.
Ver varsam med å koma med ei skrøna.
Vert det framleis lov å nemna ordet høna ?
Sikkert forbyr dei å nemna pikk,
Du lyt nok stramma din undikkstrikk.
Kva skal våre ?stand-up?-arar gjera,
krydring av språket kan dei ikkje la vera.
Kva vert himmelen utan St. Peter ?
Og kva vert helvete utan eter.
Borte vert fyord som revhol og faen,
fillern og søren skal koma i staden.
Dette meiner vårt kringkastingsråd
når det mot bannskapen vaknar til dåd.
Men det likar ikkje vår språkprofessor,
han som forvaltar vår ordprosessor.
Litt blømande ordflaum må gå an,
det er dynamikken i språket, hevdar han.
Dette med orddynamikk skjøner eg ikkje,
men eg flirer då godt av eit teatestykke
som ber fram ei og anna saftig glose
utan at det kjennes som ei bannskapsoverdose.
18.04.2009.M-m.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg