Misbruk av 1 – ett – tallet, eller kamuflering av virksomhet ?

I dag hende det att. No er det endå eit eller anna firma som vel å slengja eit 1 – tal bak navnet.  SPORT1 var det i dag. Kvar ein finn firmaet, og kva det heitte tidlegare var ikkje lett å finna ut, men det primære var visst å presentera det nye navnet og produkta. Så får kunden sjølv tumla rundt til han finn utsalsstaden, dersom han "gidder" då. Eg gjer det ikkje.
Me har etterkvart fått mange FIRMA1 no. I fleng kan nemnast, FJORD1, APOTEK1, SPAREBANK1 osb.
Kan nokon fortelja meg kva dette 1 – talet skal vera tena til. ?
For meg vert dei fleste av desse idiotiske namneendringane ei anonymisering av verksemda. Sparebank1 kan vera eit unntak i så måte.
Dersom du skal prøva å finna ut kvar verksemdene held til, eller har spørsmål å stilla kan du jo berre ringja. Kva hender då ?
Jau, då kjem du jamnast fram til eit sentralbord kor du snakkar med ei datamaskin som melder, trykk 1 dersom du vil det og 2 dersom du vil det osv.Dersom du ikkje går i surr med alle talvala trykkjer du det talet du ynskjer og får straks meldinga, "Du er nå nr 47 i køen, vi betjener deg så snart vi kan".
Det er godt ein er pensjonist og kan ha tid til denne telefongymnastikken.
Fytterakkaren !!!

Nei, i denne tida då kreativitet og markedsføring er i vinden verkar det på meg som desse faktorane er heilt lagt tilside
når det gjeld firmamavn. Ja nokre av navna kan til og med verka kamuflerende på verksemda, ref Fjord1. La oss få attende dei gode firmanavna som fortalde oss noko om verksemda,  tenestene og varene den marknadsførde.
Svaneapoteket var et begrep i Bergen. Kva heiter det no ?
Ikkje veit eg. Det opprinnelege navnet er i høgda ein parentes.
Ha en god dag, eller skal me kanskje kalla dagen for Dag1.

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg