Strandnelliken

http://www.fitjar-kraftlag.no/media/2003/06juni/strandnellikmini.jpg

Langt der ute kor storhavet flyt
ligg holmar og skjær i fleng.
Ofte bårene over dei bryt
og over ei blomeseng. 

Der er det berre stein og sprekker,
der kan då ingenting gro.
Men opp av bergsprekka smal og smekker
ein liten strandnellik sto. 

Ein liten, standhaftig og rosa blome
på ein stengel lang og tunn.
Utruleg at den kan frå bergsprekka kome,
ut frå så mager grunn.

Mager kost og juling kvar dag
i trass mot dei rå elementa.
Mot sjøsalt og storm i evig jag
evnar den livskraft å henta. 

Den vakraste blomen eg veit om
er strandnelliken tunn og mager.
Eit rosa liv som or bergsprekka kom,
den er så uendeleg fager. 

Den seier noko om liv i kamp,
om strid mot tunge stunder.
Og evna å stå mot storm og stamp
utan å bøya under.
12.05.2009.M-m.

12 kommentarer

Siste innlegg