Bjørvika = Noregs Mekka ???

http://www.nrk.no/contentfile/file/1.806767!img806749.jpg
I dag ramla ein gamal stril mest ut av stolen.
Sonen til Thor Heyerdal forkynte at han no vurderer å flytte Kon-Tiki-flåten til Larvik. Ein av grunnane til flyttinga skal vera at ein no vurderer å flytta vikingskipa frå Bygdøy til Bjørvika, då han meiner at ei slik flytting desimerer det maritime museumsmiljøet såpass mykje at han då like godt kan flytta Kon Tiki til faren sin fødeby Larvik, som tek imot prosjektet med opne armar.
La oss for guds skuld vona at det ikkje går slik. La både vikingskipa og Kon Tiki vera der dei no er, og behald det maritime mijøet på Bygdøy. Eit av problema er beskreve som veg- og parkeringsplassproblem, og så står der visst ein kongsgard der ute som lyt vernast frå – gud veit kva.
For det fyrste trengst det vel ikkje motorvegstandard utover til musea, og kongsgarden kunne vel kanskje vera ein del av opplevinga når ein køyrer ut over Bygdøy.
Nei, la oss som kjem frå den galne sida av Sinsenkrossen finna eit samla maritimt miljø der det no er og la Bjørvika klara seg med opera og bibliotek (dersom det ikkje bikkar ned i fjorden, skeivt som det er).
Min inkvisitoriske teori om denne irrasjonelle flytteplanen er at det er ein eller annan politikar eller høgtståande kulturperson som har funne seg ei tomt til ei statue eller minneplate som skal minna ettertida om kven som fekk til flytteoperasjonen.
La Bygdøy få behalda sine attraksjonar.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg