Sydentur i februar.

Ein tur ned til Syden i februar
kom sanneleg til å krevja sin kar.
Heime var det snø og kaldt
og alle vegar var strødde med salt.

På flyet nedover kom stemninga opp.
Konjakk og vin tinte frostig kropp.
Karane skraut og vitsa
og kjerringane opna si latterkista. 

Omsider me kom til det forjetta land
me sprang ut or flyet alle mann.
For at det ikkje skulle verta kluss,
vart me geleida til vår buss.

God orientering vart gjeven om bord,
Og sjølvsagt var me komen til beste staden på jord.
Romma var fine og utstyret godt,
dette teikna til å bli flott.

Men når det så stunda mot natt
skulle me ta senga fatt.
To ullteppe var alt me fekk
og no var varmen og hyggja vekk.

 Fraus det gjorde me heile natta
kjerringa skalv som ein knapt kan fatta.
Tok på seg alt ho hadde av klær,
men den mergande kulda hadde sett seg der. 

Dagen etter kom febertokta.
Sengklær og kona av feber var fukta.
Doktor vart bodsendt, men ikkje prest.
Det var bronkitt,  ikkje pest.

No kom det medisin i bøtter  og spann,
og midt i det heile ein fortumla mann.
Men feberen heldt seg og kulda med,
og gubben ynskte han kunne fyra med ved. 

Dagane gjekk med sjukdom og kaldt,
du høyrde at folk klaga over alt.
Men kjerringa kråna med seg til slutt
og då fekk ferien ein annan futt. 

Sola om dagen tina vår skrott
så på den tida hadde me det godt.
Men ein ting reklamen ikkje vil syna,
natta er kald ta med deg dyna.
14.02.2009.M-m..

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg