Til alle medbloggere.: God jul !


Oppr.: Trondheimcurling

Julefred.

 


 

Juletida er så kjær,

slekt og granne kjem deg nær.

Omtanke til dine venner,

smil og hels på dei du kjenner.


Jula lyser mørketid,

lettar litt din eigen strid.

Rekk ut handa til dei svake

så dei og ei jul får smake.


Tid for slekt- og grannefest,

kaffiprat for vert og gjest.

Trivnadsamt på juleborda.

Ute ligg den frosne jorda.


Treet pyntar stova di,

Gløymt er andsam førjulstrid.

Julefreden fyller heimen.

Nasen søkjer ribbeeimen.


Bod om frelse og om fred.

Trøyst og ro er også med.

Strøymer over folk på jorda,

fyller alle nattverdsborda.


Måtte kvar ein julefest

minnast ein usynleg gjest.

Fattig kom han til vår klode.

Spreidde rundt seg frelsebodet.


Vil me gløyma han i dag,

druknande i kvardagsjag,

etter gods og gull og vener

blind på livsvegen me strener.


Ro deg ned, og ta deg tid,

minnast han som streid din strid.

Frigjort deg frå syndebandet,

synt deg det forjetta landet.

19.12.2010.M-m.

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg