Utfordringen…

Flyttingen vår har tatt sin tid, og mine krefter, så det har blitt lite blogging i det siste. Imidlertid ble jeg utfordret til å skrive et lite rim om prosessen…Noen vers har kommet inn i PC-en. Ikke så spenstig kanskje, men det var det som ramla ned på tastaturet.

En lettere oppgitt gubbe bak kassene som gjenstår å rydde opp…Men, her er lys i tunellen…
Flyttesjau.

Gubben og gamla har lura og lura;
skulle dei flytta eller la det skura.
Klatre opp trappa med giktbrotne bein,
eller velje ein meir lettstelt heim.

Luretida tok både månader og år
og rygg og fot vart meir og meir sår.
Endeleg fann dei ein høveleg «kåk»,
og husfred vart brått til flyttebråk.

Utfordringar stod med eitt i kø;
frå hus til leilighet, eg vert sprø.
Halve livet laut veljast vekk,
til og med dobbeltsenga, gru og skrekk!

Eit nytt vidunder kom fort på plass
med fjernkontroll og supermadrass.
Her kan ein røra det meste av skrotten
berre med hjelp av tommeltotten.

På loftet hang eit tidlegare liv,
nedkrympa klede på eit stort stativ.
Underleg kor kleda skrumpar inn
når tida og magemålet forsvinn.

Banankassen er eit kjært instrument,
Kor mange vart fylte, eg var spent.
Jau, fleire og førti kom på lasset
til det nye familiepalasset.

Flyttedagen gjekk som ein leik,
men gubben var både stressa og bleik.
Ville konjakken overleva transporten
eller var han på vegen borte vorten.

Nei, fram kom både møblar og glas
og konjakkflaska gjekk ikkje i knas.
Så no sit me midt i eit kaotisk rot
med glaset i handa og stigande mot.
18.10.2016.M-m.

 

6 kommentarer
    1. No ga du både meg og kona ein god start på dagen; du har nok ikkje teke skade av å koma opp høgare luftlag. Diktet var både spenstig og morosamt. Så får du ha ein god dag der oppe, og tenkje på oss menneskekryp her nede på Jorda. Me ser fram til meir frå din penn.

    2. Pedro: Takk. Kjem tid – kjem råd veit du, og tastaturet får antakeleg ikkje fred når me kjem i orden. No ventar me på ny TV-benk og ditto TV – har nøydd oss med Wi-Fi-TV denne veka.
      Jaja, me trivs godt i den nye residensen, det lover godt…

    3. Da er dere ferdig med det vi Ikke er begynt å tenke i lag på………Jeg har tenkt, og har ikke imot å flytte, men gubben skal visst bo her til the bitter end…….Liker ikke!!

    4. Jegerfritilhva: Jeg var nok litt på de samme tankene som “gubben” din, men omstendigheter rundt vår bevegelighet avgjorde saken for oss…Trapper og dårlige føtter er ingen vinner.
      Jeg vil vel, for vår del si at flyttingen ble foretatt tre – fire år for sent.
      God helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg