Ettersom markene er snøkvite—

her idag kan det vera greitt å minna om at dagen er Per Varmestein, og den markerer den tidlegaste vårdagen! Det var visst St Peter som kasta ein glødande stein i vatnet denne dagen, han var vel lei av vinteren han også.
No tek tele, is og snø til å smelte nedanfrå og isen vert såpass usikker at til og med reven ikkje vågar seg utpå den.
Skulle du likevel rota deg ut på isen, og så gå gjennom, seier den gamle skikken at då har ingen ansvar for å berga deg, det får du geia på eiga hand. Altså hald deg på fast grunn no utetter.
Verspådomen her på vestlandet er at dersom dagen i dag er kald, vert det ein kald vår, så dagens snøver spår ikkje godt.  Ser du derimot sol nok til å sale av og på hesten fleire gonger vert det ein god sumar og eit godt år, så det er berre å finna fram seletøyet om du ser ei sprekke i skylaget.

Så over til St Peter.

Google.

Han var som kjend ein av apostlane, kanskje den mest betrudde. I alle fall vart han den aller fyrste katolske paven. Han vart drepen under kristenforfylgjingane i år 64, og gravlagd der Peterskyrkja i dag står. Det var då, ifylgje segnene, den heilage St Peter som kasta den varme steinen…

Ha ein god dag og hald dykk unna islagde vatn…
 

8 kommentarer
    1. Trettandedag jul vart det spådd dårleg ver i 13 veker, men alt no fortel spåboka at me får godver og sol i fire veker. Eg skulle gjerne visst når eg kan legga om til sumardekk på bilen, men det seier boka ingenting om. Inntil vidare lyt eg vel lita på yr eller storm.no. Ha ei fin veke, og hugs å setje ut bilen, så får du gratis vask.

    2. Pedro:Nei, eg veit ikkje om hjulet var oppfunne då desse gamle verspådomane kom til og langt mindre piggdekka. Difor er det sikkert fornuftig å supplera spådomane frå dei gamle heilagmennene med nyare digitalisert kunnskap.
      Ha ei natt utan storm og yr. Her stormar det allereide!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg