ICE-nett er et godt nettverkstilbud for oss som befinner oss utenfor allfarvei når det gjelder nettverkstilgang. Mitt abonnement gjelder et visst antall GB pr måned. Dersom mitt forbruk overstiger det går hastigheten drastisk ned. Derfor har jeg vært fraværende nå i vel en uke. Så fraværende at jeg ikke har fått med meg at blogg-lay-outen har blitt endret. Dette blir altså et forsøk på å få ut en ny bulletin…
Google.
Så er den heldigvis over, lærerstreiken slik at våre barn og barnebarn får det læringstilbudet de har krav på.
Hva som ellers har dukket opp av rariteter sist måned kan være så mangt.
Jeg hengte meg, bl a, opp i stemmesankingen til Borten Moe som vil ha bort taxfree-kvoten.
Ja, og så viser sjakk-OL seg like pampete som de øvrige OL-arrangementene.
Jaja…
August 2014.
Og ferien nærmar seg slutten,
politikken vaknar til semje og kiv.
Borten Mo fyrde den fyrste salutten,
Taxfree-kvoten skal miste sitt liv.
Han trur visst at utan «kvoten»
skal senterpartiet berga kloden.
Sjakk-OL er no i gong
med spelarar i djup konsentrasjon.
Til pampane sin jubelsong,
og ein rikeleg smørjerasjon.
OL skal vera ærleg kappeleik,
ikkje smørjing for pamp og sjeik.
Så fekk me haustens fyrste storm,
han velta tre og rydda hagar.
Kan det vera den nye klimanorm
som råkar oss i desse dagar?
Nei, me gøymer fort slike tankar
medan skuldkjensla i skallen bankar.
Så har skulen starta att,
utan lærarar denne gongen.
Elevar som ville ta skuleåret fatt,
står ute og høyrer streikesongen,
om tillitsbrot og arbeidstid.
Få slutt på striden, gjer dykk litt flid!
Gjev du blod, må du ta deg i akt
og halda deg unna akupunktur.
noko om det har EU sagt,
og oversetjinga var ikkje så lur.
Sjølv om du er frisk og sunn og god,
får du visst ikkje lenger gje blod.
30.08.2014.M-m.
Du må redigere ditt dikt
for etter å ha høyrt på sosiale medier og slikt
høyrde eg at lærarane har fått det som dei ville
og vil i morgon på skulen stille.
Oldemorbloggen:
Men hugs at diktet galdt august
og då var dei ikkje einige just!
Men i september løsna det,
så no fekk skulen streikefred.
Jammen har du rett
Eg oversåg rett og slett
at diktet var via august
Årsak at eg er ein slik dust
vi var mange som stussa da bloggen ble forandret,hadde ikke fått noen informasjon om det på forhånd:)men det gikk seg til fort.
En fin oppsumering på augustmåned,så får vi håpe att september har mer hyggelige ting å by på
fruensvilje: Ja, jeg skal lete etter de hyggelige sakene i september. Det at lærerstreiken endelig er over er fint…
Nok et fint utsnitt av den tid vi lever i, fra din ånd og hånd. Fremdeles lever vi sorgløse i den søte plommetid, men med de mørke skyene vi ser i horisonten blir du neppe fri for stoff til septemberkvadet heller.
Pass deg for giftsopp, og ha en flott Indian summer!
Pedro: Ja, det spørs om ikkje Putin vil ha attende kornkammeret som gjekk tapt i glasnosttida. Stygge saker!
Elles er plommene plukka og fortært. Sumaren er på hell, og eg er ikkje av dei som ynskjer hausten velkommen. Ha ein fin dag i tigerstaden…