Kom mai…

Mai 2014.

Kom mai du skjønne milde,
men opplevde du det slik?
Dei fyrste dagane var ikkje gilde.
Starten var helst vinterlik.
Me lengta attende til april,
til solskin på brunande stril.

Men så kom varmen
og sola skein dagen lang.
Borte vart styggversharmen,
Er sumaren alt på gang ?
Me plantar og steller i hagen,
førebur den store grunnlovsdagen.

Revidert statsbudsjett,
ein vårviss politisk prosess.
Vinkvoten vart tilgodesett,
i staden for røyk, eit velgaress?
Så får me billegare påhengsmotor,
så no vert vel farten på sjøen stor.

Lønsoppgjera er i gong
med sinte bønder og mjølk i gata.
Lærarar som syng sin klagesong.
Listhaug er «persona non grata».
Har me gløymt gullskjeia i munnen,
alt frå den gongen olja vart funnen?

Landslagsfotballen er i gong,
mot Frankrike tapte me med glans.
På tribunen song dei sigersong
medan måla rann inn utan stans.
Trenaren sa at det var ei treningsøkt,
og for spelarane var visst ljoset sløkt.

Men fotballen er trillande rund
Mot «russen» gjekk det tålleg bra.
Det vart ei spanade ettermiddagsstund.
Uavgjort.: Takk skal spelarane ha.
Augnar pressa no eit meisterlag
i jaget etter salsfremjande presseoppslag?
26.05.2014.M-

 

11 kommentarer
    1. Der fekk du sagt det att; treffande og godt. Ja, kor skal dette ende; meir sprit og dobbelt så mykje mjølk, og snart får me vel 2 prosent meir i pensjon. Men oljeproduksjonen minka jamt og trutt. Vil vone det er nokre dråpar att når me skal ha den siste oljen. Nyt godveret og livet på denne flotte dagen!

    2. Pedro: Den siste oljen, det har eg ikkje tenkt på. Men eg fekk tak i eit glas frå Ekkofisk på 70-talet, eg får spandera den til nemnde formål.
      ha ein velsmurd dag i tigerstaden…

    3. Så kjempeflott skrevet, og du får sagt det på en kjempebra måte 🙂 Tusen takk for kjempekoselig hilsen på bloggen min 🙂
      Ønsker deg og dine en kjempefin og god søndag fra solfylte Trondheim 🙂

    4. no måtte eg faktisk sjekke :))ja om været var dårlig i begynnelsen av mai ,mye sol men kaldt ja :))en kan stole på dine oppsumeringer det er sikkert og vist 🙂

    5. fruensvilje: Bra at du følger med meg, men jeg prøver å være troverdig selv om ironien trekkes litt langt av og til. Nei, det er vanskelig å huske de kalde dagene etter alt det fine været vi fikk resten av måneden…

    6. God oppsummering. Du er like kjapp som en god sportsjournalist: Kampen er knapt slutt før referatet er skrevet. Og så fortsetter juni slik mai sluttet, vi får som fortjent får vi tro.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg